tirsdag 17. mars 2009

Brødbakst

I dag var det tomt for " det sunne brødet" i fryseboksen, men det er fort gjort å fylle på med nytt.
Sidan eg bør vere forsiktig med inntak av karbohydratar, har eg vore på jakt etter gode, sunne brød, og ut på nyåret dukka rette oppskrifta opp.
Det var den mellomste jenta mi som i løpet av ein dag fekk tilsendt same oppskrifta frå to ulike stader. Kvar oppskrifta stammar frå opprinneleg, er vanskeleg å spore seg fram til, det er nok ei typisk vandreoppskrift. Dattera mi jobbar med mat og helse til dagleg. Då ho introduserte dette brødet for nokre av kursdeltakarane sine, og ei av dei forsiktig sa at ho ikke hadde særleg mykje erfaring med brødbaking, utløyste det fylgjande kommentar:
"Brødbaking? Dette er no meir frøblanding enn brødbaking!"
Det er i grunnen sant, det er berre å røre saman alle ingrediensane i ei smørje, helle det over i ei form og steike det, og vips er brødet ferdig.

Slik ser det ferdige brødet ut:




Her er oppskrifta:

8 egg
3 ss bakepulver
1/2 dl olje
1 beger Kesam 1%
8 ss linfrø
100 g sesamfrø
75 g kruskakli
75 g havrekli
100 g valneter

Pisk egga lett og tilsett alle ingrediensane. Det blir ei blaut deig som du heller over i ei smurt
2-liters form.
Steik brødet på nedste rille i omnen på 180 grader i 50 min.


Sidan eg ikkje har ei to-liters form, fordeler eg deigen i to liters former, så får eg to små brød i staden for eitt stort:)










Brødet smakar godt med mange ulike typar pålegg, berre prøv:)




3 kommentarer:

  1. Dette brødet så riktig lekkert ut og skal prøves ut,koselig at du legger ut oppskriften og deler med oss andre.
    Jeg spiser Ingers rugbrød til dglig da det funker veldig bra for min diabetes 2,som jeg nettopp regulerer godt på grunn av at jeg har skiftet ut brød med hvetemel i og div. annen kostomlegging i tilegg.

    SvarSlett
  2. Takk for kommentar, det er faktisk diabetes 2 som er min kroniske tilstand også. I løpet av våren skal eg på eit begynnarkurs for å få opplæring om trening, kosthald, langtidsverknader osv,. Det er også meininga at det skal opprettast nettverksgrupper i heimekommunen min for diabetikarar.

    SvarSlett
  3. Det brødet ditt så kjempegodt ut. Takk for oppskriften.
    Når det gjelder UFO-konkuransen så foregår den på Hobbyboden og gjelder å få ferdig x antall gamle strikkeprosjekter. Det er en landsdelskonkurranse og veldig spennende.
    Ha en fin helg.

    SvarSlett