fredag 31. juli 2009

PILGRIMSBESTA 2009 - GALICIA.

Før eller seinare må eg berre blogge om den siste etappen på pilgrimsferda vår, så no tek eg sats og set i gong:
For to år sidan hadde vi 30 dagar på oss til å gå den ca 800 km lange strekninga frå den franske sida av Pyreneane og fram til Santiago de Compostela, vi kom ikkje heilt i mål, den 30. dagen var det framleis 80 km igjen.(Bileta til venstre er for 2 år sidan, dei til høgre er knipsa ved same kilometersteinane i år.)
Mannen min var vel fornøgd, camino-eventyret var over for hans del, medan eg bestemte meg for at eg ville tilbake og gå det siste stykket ein eller annan gong.
Ettersom tida har gått, har mannen min fått meir og meir lyst til å vere med meg, noko eg er glad for, han er nok den beste turkameraten eg kan få, så når skuleferien var eit faktum i slutten på juni sette vi oss i bilen og dura avgarde til O`Cebreiro, der vi ville starte i år.
O`Cebreiro er ein myteomspunnen landsby i fjella heilt aust i Galicia. Han ligg 1300 m.o.h., der er ofte skodde og regn, heile landsbyen ber preg av den keltiske påverknaden, som er tydeleg i heile regionen. Nokre av husa er runde med tjukke stråtak, pallozas blir dei kalla. I den vesle steinkyrkja er der ein Mariastatue som på mystisk vis fekk attende hovudet sitt ein gong på 1600-talet. Denne vesle kyrkja er også sentral i slutten på romanen Pilgrimsreisen av Coelho, noko som sikkert har gjort sitt til at landsbyen er eit svært populært tusistmål.
Landkapet er frodig, grønt og uendeleg vakkert!
Det er hardt å traske bakke opp og bakke ned med tung sekk på ryggen, men alt det vakre ein ser er god lønn for strevet.Vi starta vandringa ut på ettermiddagen og gjekk berre 11 km til Fonfria den fyrste dagen.
Neste dag gjekk det for det meste nedover, særleg storetærne fekk hard medfart, men det var ikkje fritt for at vi kjende det andre stader på kroppen også.
Etter kvart endra landskapet seg, vi gjekk gjennom frodige skogar av eviggrøne eiketre, tjukke stammer med vide kruner høgt over hovuda på oss, slanke ospetre og seinare også eukalyptus.
Etter Triacastela er der to ruter å velje mellom, sidan vi gjekk til Samos og overnatta i eit stort, flott benediktinerkloster sist,valde vi den andre ruta direkte til Sarria i år. Like overdådig grønt er det på begge rutene. I Sarria leigde vi oss rom over ein cafeteria, greitt å få vere for seg sjølv og ikkje irritere nokon med snorkelydar:)
Dag tre vart ein hard dag: sekken min, som eg bar kvar dag utan problem for to år sidan, var utruleg plagsom, det pressa på rundt hoftebeina så eg måtte slakke på beltet, dermed hang han for tungt på skuldrane så det gjorde vondt - berre elende! Dessutan fekk eg blemmer under tredeputene på begge føtene, ikkje akkurat godt å gå på, men vi kom oss til Portomarin, som vi hadde planlagt:) Det var spanande å gå på stiar og vegar vi hadde vandra før og sjå kva vi huska igjen, og langs vegkanten vaks det vakre blomar i fleng.
I Portomarin såg eg eit skilt om høve til å sende sekkane neste etappe med drosje, og det gjorde vi oss nytte av, så neste dag gjekk vi lett avgarde med berre små vesker å bere på.
Sidan eldstedattera vår var i Santiago hos svigerforeldra, fekk vi henne til å kome til Palas de Rei og hente sekken min, (mannen min fekk sortert ut noko av det han bar på i same farten) eg kjøpte meg ein liten sekk som hadde plass til det eg trengde på resten av turen - stor lette!!

Den femte dagen passerte vi 80 km-merket, som var det siste vi hadde gått forbi forrige gong, så herfrå og fram til pilgrimsmålet skulle vi gå i nytt og ukjent landskap. Vi gjekk til Melide, ein triveleg by med ei fin mellomalderkyrkje. Denne dagen var det mannen min som hadde det verst, men etter nokre timars kvile var han i fin form igjen.
Både femte og sjette dagen gjekk vi korte etappar. På vegen til Arzua den sjette dagen vart vi kontakta av eit filmteam som trengde eit par som statistar i ein film dei laga. Artig for oss å få vere med på:)
Vi hadde forventa at etterkvart som vi nærma oss Santiago ville det bli meir og meir urbant med industriområde og bygningar, men til vår glede og overrasking gjekk caminoen stort sett gjennom skogsområde, like frodige og vakre som før. Dag sju gjekk vi ganske langt slik at vi skulle ha berre ei kort strekning att til siste dagen som var søndag.Då kom Tove saman med Luca og Anthony og gjekk den siste mila saman med oss, gutane hadde vore i hagen til bestefaren og skore seg bambuskjeppar til vandrestavar, dei hadde også fått låne hagehattane hans, så dei var utrusta som ekte pilgrimmar:)
Vi kom fram til katedralen i Santiago akkurat i tide til å få med oss pilgrimsmessa kl. 12.00.Det er ein stor, overdådig utsmykka katedral, ein av attraksjonane er røykelseskaret( La Botafumeira) som ein eller annan riking med fin nase har skjenka til katedralen i si tid: Han er så stor at det trengs seks eller åtte mann for å svinge han fram og tilbake i tverrskipet, og røykelsesdufta fyller heile katerdralen.Etter messa måtte vi stå i lang kø for å hente compostela-ane våra: Beviset på at vi har fullført pilgrimsferda:) På biletet under står vi utanfor pilgrimskontoret i Santiago.

1 kommentar:

  1. Ønsker en slik tur en gang. Forslag til ny-begynnere? Liker slott, god mar, turer, vin...;-)

    SvarSlett