tirsdag 31. mars 2009

STRIKKEPRAT IGJEN

Det har vore stilt om strikking frå denne kanten ei stund no, har liksom ikkje hatt den store ånda, men eg kikkar rundt på andre loggar og beundrar og blir inspirert. Eg hadde nokre stripete tjukkelestar på gong og måtte liksom avslutte dei før eg kunne begynne på noko nytt.



No gjenstår berre festing av trådendar, så i løpet av helga var eg innom ein garnbutikk, eller faktisk tre, og "snopa" litt strømpegarn, ein god del tynnare enn raggegarnet eg vanlegvis bruker, for no skal det strikkast finske lestar. Eg såg dei på ein blogg, fylgde lenkja, og enda opp med oppskrifta på finsk og engelsk.

Begynte med gult, påska er no rett rundt hjørnet, og skal etterkvart også ta i bruk andre fargar. Ein annleis måte å strikke flettemønster på, kjekt:)

søndag 29. mars 2009

Gode å ha på tur

Eg har tenkt at eg skal lage eit blogginnlegg om FJELLET MITT frå barndommen av, så søndag tok eg med mitt nyerverva Canon Ixus 80IS og la i veg til fjells.
Eg hadde knapt parkert bilen og begynt på oppturen før det begynte å snø. Vel oppe på toppen var snøkaven så tjukk at eg knappast såg kvar eg skulle gå. Ingen vits i å ta bilete.

Men i dag titta sola fram då eg skulle ut og handle til helga. Bra!, tenkte eg, då går eg på fjellet og får tatt bilete etter at eg har handla.

Kva trur du skjedde? Før eg hadde fått varene på plass i bilen var det reine julestemninga med store snøfiller som dala mjukt til bakken!

Jaja, optimist som eg er, fann eg ut at det kan no endre seg like fort til finever igjen så her er det berre å ta turen som planlagt. Det er ikkje langt å gå når ein startar frå "baksida" av fjellet, men eg tok feil med omsyn til fineveret, det einaste eg hadde god nok sikt til å ta bilete av på toppen, var appelsina mi

Så no får bloggen handle om dei trufaste fylgjesveinane mine på tur:



















Velbrukte, ikkje særleg vasstette, men eg har vandra langt i desse, på vegar og stiar, over stokk og stein, i snart to år. Dei er gode å gå i, og med tjukke heimestrikka lestar nedi gjer det ingenting at eg blir våt på beina, det er svært sjeldan at eg frys.

Halsen fekk eg i julegåve med borneborna, varm og god er han, og eit "must" når det bles!
Eg trur eg har hatt han med på kvar einaste treningstur eg har gått sidan julafta.



















Og til sist "skjoldahua" mi med gode øyreklaffar, også den julegåve.
Det er vel ingen sak å vere ute i snø, vind eller regn når ein har så gode fylgjessveinar!

fredag 27. mars 2009

Tradisjonsmat

Kva er dette for noko? Ball? Ja, det er ball, men ikkje potetball. Vi kallar han blandaball, det synest eg er eit godt namn sidan han er laga av ei blanding av fisk og poteter. Eg veit sjølvsagt at i Kristiansund har dei sin"feskballj", den skal visst vere god, eg har tilgode å smake på den, men kanskje nokon sender meg oppskrifta etter dette innlegget?

Mange lurer nok på om det verkeleg er nokon som et slik mat i våre dagar, og svaret er at ja, i Strikkebestahuset gjer vi faktisk det.

Mannen min meiner at den beste forma for rekreasjon er å kome seg ut på havet i båten sin. Når veret tillet det kan han gå langt ut til dei gode fiskeplassane, og då kjem han gjerne heim med sei.

Seien er ein fisk som eignar seg godt til gryter, fiskekaker og seibiff, så klart, men ein gong i blant får eg lyst på denne spesielle ballen. Dette er tradisjonsmat som eine generasjonen overfører til neste. Ein slår ikkje opp i ei kokebok for å lære seg å lage slike rettar, eg har sett på mora mi og funne min måte, på same vis som ho fann si oppskrift, basert på måten hennar mor laga blandaball på.

Hovudingrediensane er som nemnt fisk og poteter, med ei lita overvekt av fisk, dersom fisken ikkje er salta, må ein sjølvsagt ha ein del salt i blandinga, løk er ein viktig smaksfaktor, og så treng vi litt kveitemjøl for å vere sikker på at det heile skal henge saman når vi kokar ballen. Kor mykje av kvar er ikkje så lett å seie, ein prøver seg fram, så finn ein ei høveleg blanding til slutt. Mor seier at når ho køyrer fisk og poteter gjennom kjøtkverna, har ho gjerne ein bit saltflesk oppi, det bruker ikkje eg, kven har vel saltflesk i hus når blandaballen skal lagast? Men litt fiskebuljong i kokevatnet er ikkje så dumt.

Retten blir servert saman med poteter, rabbe (kålrot) og smelta smør.

Eg ser ikkje bort ifrå at retten inneheld ein god del karbohydratar, men så får eg heller vere forsiktig og ikkje ete for mykje, då. Eg blir i alle fall glad når eg ser at ballen fell i smak både hos nittenårigen og "veslejenta" på seksten.





søndag 22. mars 2009

Gråtonar

I dag tok eg meg tid til ein fjelltur på føremiddagen. Fjelltur og fjelltur, eg bur midt i turløypa, det er berre å stige oppi skorne og gå opp på dei lokale "toppane". Om dei ikkje er så høge, så er der likevel utsikt. Mot aust ser vi sentrum av bygda med dei tradisjonsrike skipsverfta, heldigvis har dei arbeid enno slik at dei held hjula i sving både i år og neste år.


Mot vest ligg indre Herøy med Herøybrua, og Skorpa kan skimtast i det fjerne.

Ser vi i nordleg retning kan vi ane konturane av Runde lengst ute.

Mot sørvest er Vanylvsfjella blikkfang, og i forgrunnen kan eg skimte heimen min som ein liten kvit firkant i skogkanten.


I dag var alt saman pakka inn i eit slørlag i gråtonar, når eg i tillegg bruker mobilen min som kamera, blir det heile enda meir utviska...

lørdag 21. mars 2009

Strikkebesta - Skrytebesta

No klarer eg ikkje å halde meg lenger, no berre MÅ eg skrive om borneborna.
Eg er mamma til fem blåøygde, blonde, meir og mindre vaksne born, medan alle borneborna mine har vakre, brune auge og mørkt hår. Dei har namn som ikkje har særleg lange tradisjonar her i landet, fordi pappa-ane deira ikkje er norske.

Eldstemann, Luca, er snart 12 år, han er ein blid, snakkesalig og kvikk gut som stadig er på farten med skateboard, taekwondo og fotball. Han føler eit sterkt ansvar for at katten, som eig det elegante namnet Minette, skal ha det bra.



Anthony, nr. to i rekkja, fyller 11 på seinsommaren. Han er meir hekta på data enn Besta si, men har óg eit talent for fotball og taekwondo. Han snakkar ikkje så mykje som storebroren, men han er likevel ein gut med mange kompisar. For nokre veker sidan deltok han i si første konkurranse i taekwondo, der han tok seg heilt til finalen, og enda opp med ein flott sølvmedalje!

Så har eg eit bonusbarn på ti år. Ho er storesystra til Marylin, eg er så heldig at ho kallar meg Besta, sjølv om vi ikkje vart kjende med henne før ho var sju år.
Ei nydeleg, gåverik jente som er flink til alt; synge, danse, teikne og skrive. Og så bruker ho å strikke saman med Besta når ho er på besøk:) Sidan eg ikkje kjenner mamma hennar, nemner eg ikkje namnet her, og legg heller ikkje ut bilete, men ho er akkurat like herleg som resten av gjengen.

Mateo er fem år, han skal verte skulegut til hausten. Han er liten av vekst, men klarer seg godt med den lengda han har. Ein skikkeleg skøyargut som er mest oppteken av monster for tida.

Oliver er minstemann i brødreflokken, han fyller fire år til sommaren. Han har eit saueskinn som han dreg med seg over alt; til barnehagen, på bestabesøk, i bilen når han er med på butikken, i senga kvar natt. Ein retteleg koseklump er han, og veeeeldig glad i mamma si.


Marylin er veslefrøkena som bur i Oslo, vi snakkast i telefonen kvar veke, og begge gler vi oss til ho kjem på påskeferie til Besta og Bestefar på Sunnmøre.
Her har ho på seg ullkjolen som Besta kjøpte på Hasund strikk og bruk eingong i haust.


Ikkje så lett å samle heile flokken på ein gong.......



fredag 20. mars 2009

Helg

Enda ei arbeidsveke er over, ikkje det at eg ikkje har det bra på jobb, men det er no godt når fredagsettermiddagen er eit faktum og eg kan konsentrere meg om det eg har lyst til med godt samvit.

Strikkeånda har vore bortimot fråverande siste tida, men no skal eg ta pinnane fatt og gjere ferdig eit par påbegynte tjukkelestar.

Med tekrusa framføre meg og stoppenålboksa for hand, er det berre å sette i gong.
I tillegg til stoppenål og måleband oppbevarer eg ei lita saks i boksa, det er ei retteleg artig saks, sikkert ei neglesaks, som har lege til inga nytte heime hos mor i mange år. Men mora mi er ei sparsam dame, så då ho høyrde at eg ville kjøpe meg ei saks som fekk plass i boksa, kom ho med dette vesle, rare "klenodiet", og saksa verkar den, eg får klipt av alle dei trådar eg vil!









Den søte boksa fekk eg i julegåve med ei av tvillingtantejentene,

og ekte besta-tekrus med tilhøyrande tesil har eg fått med den andre:)


No er forresten mammaen til Håkon ferdig med den nydelege strikkabuksa til guten sin, ho har ikkje mykje strikke-erfaring, men sjå berre kor jamnt og fint ho har strikka. Eg gler meg til å sjå korleis buksa tek seg ut på guten.









tirsdag 17. mars 2009

Brødbakst

I dag var det tomt for " det sunne brødet" i fryseboksen, men det er fort gjort å fylle på med nytt.
Sidan eg bør vere forsiktig med inntak av karbohydratar, har eg vore på jakt etter gode, sunne brød, og ut på nyåret dukka rette oppskrifta opp.
Det var den mellomste jenta mi som i løpet av ein dag fekk tilsendt same oppskrifta frå to ulike stader. Kvar oppskrifta stammar frå opprinneleg, er vanskeleg å spore seg fram til, det er nok ei typisk vandreoppskrift. Dattera mi jobbar med mat og helse til dagleg. Då ho introduserte dette brødet for nokre av kursdeltakarane sine, og ei av dei forsiktig sa at ho ikke hadde særleg mykje erfaring med brødbaking, utløyste det fylgjande kommentar:
"Brødbaking? Dette er no meir frøblanding enn brødbaking!"
Det er i grunnen sant, det er berre å røre saman alle ingrediensane i ei smørje, helle det over i ei form og steike det, og vips er brødet ferdig.

Slik ser det ferdige brødet ut:




Her er oppskrifta:

8 egg
3 ss bakepulver
1/2 dl olje
1 beger Kesam 1%
8 ss linfrø
100 g sesamfrø
75 g kruskakli
75 g havrekli
100 g valneter

Pisk egga lett og tilsett alle ingrediensane. Det blir ei blaut deig som du heller over i ei smurt
2-liters form.
Steik brødet på nedste rille i omnen på 180 grader i 50 min.


Sidan eg ikkje har ei to-liters form, fordeler eg deigen i to liters former, så får eg to små brød i staden for eitt stort:)










Brødet smakar godt med mange ulike typar pålegg, berre prøv:)




søndag 15. mars 2009

Hekta??


Eg kan ikkje nekte for at det har vorte nokre timar framfor pc-en den siste veka, det er så mykje eg skal lære, så mykje eg har lyst til å fikse på bloggen min, men eg er ikkje noko naturtalent når det gjeld å navigere i datalandskapet, så det tek tid.

Eg har pådrege meg ein kronisk sjukdom som gjer at eg må trene kvar dag for å halde verknaden av sjukdommen i sjakk. Frå eg fekk diagnosen i haust, har eg lagt meg til ein rutine med ein times rask gange kvar dag, gjerne utpå kvelden. Det er i grunnen fint å traske avgarde åleine og la tankane vandre, men i går kom eg meg ikkje ut.....

Eg kan ikkje skulde på veret, sjølv om det regna, eg har gode kle som tåler ein del nedbør. Nei, eg klarde rett og slett ikkje å rive meg laus frå pc-en. SKUMMELT!
Så i dag har eg kompensert for forsømmelsen frå i går. Eg gjekk meg ein lang, fin formiddagstur og tok inn våren. Hadde mobilen på lomma og måtte berre knipse litt av det eg såg. Veit at biletkvaliteten ikkje er noko å skryte av, men tek sjansen og legg inn nokre av dei likevel.



Etter turen stakk eg innom mora mi, og sjå korleis der spirer og gror på plenen hennar:








fredag 13. mars 2009

Håkon

Denne veka vart eg grandtante til ei vakker lita jente. På mi dialekt er det litt merkeleg å seie grandtante, vi kallar det gamletante, vi. Eg er gamletante til fleire herlege småjenter, men hittil har det dukka opp berre ein gut, og han er veldig spesiell for meg, difor har eg bestemt meg for at eg skal vere grandtanta hans.
Kvifor Håkon er spesiell?
Det skal eg fortelje no. Eg er tante til mamma hans, ho vaks opp som næraste nabo, og etter at ho og syskjena vart buande saman med faren etter samlivsbrot mellom foreldra, har eg fått involvere meg litt meir i kvardagen deira enn dei andre tanteborna mine.

Medan tantejenta mi gjekk gravid var eg strikkekonsulent for små plagg som skulle gjerast ferdige, og når vi sat og strikka, snakka vi om den føreståande fødselen. Tvillingsystra hadde fått lovnad på at ho skulle få vere med når den tid kom, og sidan pappaen til Håkon har ein jobb der han er borte eit par veker om gongen, orda eg frampå om at dersom det skulle slumpe til at fødselen starta medan han var på jobb, så kunne eg godt tenkje meg å vere med i hans stad.

Og tenk, så gjekk det troll i ord! Terminen var sett til midten av januar, pappaen skulle rekke det med god margin, men så starta riene ti dagar før og det var umuleg for han å kome heim på så kort varsel.

Vi var ein spent trio som møtte opp på fødeavdelinga ved Volda sjukehus den kvelden, men mottakinga var storarta og personalet der roa ned både den fødande og "hjelparane" på ein fin måte.

Alle vi som har fått barn veit at ein fødsel er ei stor og viktig hending, difor er det så flott når jordmor og barnepleiar viser så mykje hjartelag og medmenneskelegheit som det vi opplevde den kvelden og natta. Dei skapte ein atmosfære som det var godt å vere i.

Mammaen kjende at ho var i trygge hender og slappa av så godt det let seg gjere, trass i smertene. Tvillingsystra var så god og kjærleg; passa på at det lange håret ikkje var til plage, masserte ryggen, tørka sveitte og vrei opp kluten i kaldt vatn når det trengdest. Ho var også ivrig med kameraet og dokumenterte heile gongen i den store hendinga.

Sjølv var eg så visst ivrig med, men tok meg likevel fleire gongar i å undre meg over kor instinktivt og naturleg vi ter oss i slike situasjonar. Då tenkjer eg sjølvsagt på mammaen,
ho er enno ikkje klar over kor godt ho takla det heile og gjorde det som skulle til for at fødselen kunne skje så raskt som muleg. Ho vandra rundt under det meste av opningsfasen, og når pressriene sette inn henta ho fram den styrken som skulle til.

Og så kom Håkon!

Ubeskriveleg og stort å få vere ein del av ein slik augneblink!
Den store lukka og gleda hos mammaen når ho høyrde og såg guten sin for fyrste gong,
stemninga i romet, roa som senka seg.....

Takk til Håkon si mamma som viste meg den tilliten å ta meg med i denne store hendinga i livet sitt, takk til profesjonelle hjelparar som gjer ein slik god jobb, og takk til vesle, nydelege Håkon som fann det for godt å starte turen ut i den store, ukjende verda ti dagar før han var venta!


Den stolte mormora til Håkon har strikka det nydelege teppet han har rundt seg, det var designa til eit dansk "prinsebarn" og heiter "Det hele kongeriget":)

Påskepynt

Av ein eller annan merkeleg grunn så har eg mykje meir heimelaga påskepynt enn julepynt, både ting som borna og borneborna mine har laga og ting eg har laga sjølv.

Etter litt fundering på kvifor, er eg komen til den konklusjonen at det er rett og slett fordi eg er så glad i mange og sterke fargar, og når våren kjem får vi lyst til å omgi oss med lyse, lette fargar. Det er i grunnen slik med meg at det andre kallar grelle fargar, det kallar eg fargerikt og fint.


Det var difor ikkje til å unngå at eg måtte prøve meg på tova kyllingar når eg kom over dette bilete på ein pakke ull frå Panduro:




Det vart fyrst ein grøn

så ein rosa







og ein kvit














Med filtenål går det som ein leik å feste dottar, venger og kam på kyllingane.


Så her sit dei og er noko ustøe




No må eg oppsøke ein bokhandel med Panduro-avdeling og sjå om eg kan få tak i bein så kyllingane blir meir stødige når dei skal stå.

tirsdag 10. mars 2009

Origami

Sidan småskulealderen har eg hatt eit dårleg forhold til faget matematikk, etter som åra gjekk, og eg skulle prøve å inspirere elevane mine også i dette faget, innsåg eg til slutt at eg ikkje kom utanom fagleg påfyll. Eg enda opp med å ta to år med vidareutdanning i matematikk for barnetrinnet, og er no veldig glad i faget:)

Eit tema knytt til matematikk som eg synest er inspirerande er papirbretting, då kan eg boltre meg i mange fine fargar, eg får elevane til å sjå geometrien i det vi lagar, og det skal ikkje så veldig stor fingerferdigheit til før vi har fine produkt som vi kan vere stolte av.

Dei enklaste formene treng vi berre eitt papir og ei saks for å lage ......

andre ting krev at vi brettar seksjonar som skal samanføyast,



Vi kan lage spinnarar....

og vi kan brette andre former, som denne trana ......