mandag 29. mars 2010

Eg hadde gløymt

- kor små plagg ein nyfødd baby bruker ....

- kor koseleg det er å ha eit lite baby-strikk mellom hendene ....

- kor verkeleg den ventande babyen blir medan ein strikkar....

-kor bestafølelsen - med glede - forventning - og ein smule bekymring -
kjem sigande innover ein for kvar maske ein strikkar:)



No må eg berre få kjøpt nokre søte knappar!

lørdag 27. mars 2010

Æra i behold

Travle tider gjer at eg igjen er seint ute med ABC-innlegget mitt, der vi no er komne til bokstaven Æ, men eg vil gjennomføre heilt i mål, sjølv om eg ikkje får nokon tet-plass:)


Æresomgrepet kan variere frå kultur til kultur, frå land til land, frå person til person, men dei fleste kan vel einast om at "ein mann er ein mann og eit ord er eit ord".

Sidan eg visste at eg ikkje fekk sjansen til å vere med på det faste laurdag-formiddags-badet denne veka, utfordra eg kompisen til svigersonen min til å symje saman med meg seinare på dagen.
Denne karen, Davide frå Geneve, som tek påskeferien hos eldstejenta mi og familien hennar, har like store vanskar med å stå imot ei utfordring som eg sjølv.
Han jobbar som "baywatch" utandørs om sommaren og innandørs vinterstid, så han måtte vere akkurat den rette å få med seg, tenkte eg.
Og ikkje uventa svara han ja på utfordringa:)

Men han var ikkje akkurat så veldig høg i hatten då eg plukka han opp i sekstida i ettermiddag. Eg prøvde å overbevise han om at no er det nesten for sommar å rekne, med 16 grader høgare temperatur i lufta enn då eg debuterte som heilårsbadar 2.januar, så han vart i alle fall med i bilen. Vi køyrde til Flø, ei naturperle i kommunen vår, for å prøve den flotte stranda på Roppesanden.

Overskya, opphaldsver, 8 grader i lufta, 4 grader i sjøen,og karen heldt ord, han kom seg i vatnet



og tok nokre symjetak i bølgjene



før han skunda seg på land igjen.



Med andre ord: Han har æra i behold.



Og vi har gjort avtale om ein ny dukkert komande onsdag:)



Her er fotografen vår: Oliver, snart 5 år, flotte bilete han har knipsa, ikkje sant?

søndag 21. mars 2010

Illusjonar..........

Søndagar må brukast til tur. For tre veker sidan kunne eg gå til fots på skaresnøen opp på den næraste vesle toppen her vi bur. I dag ville eg ta den same turen igjen. Snøen ligg framleis ganske djup mange stader, og no er han så roten at eg trakkar rett gjennom. Strevsamt, men sikkert bra for kondisen:)
I brattaste solsida måtte eg fram med kamera, no ser det verkeleg ut som våren har fått taket på vinteren!

Lengst vest, mot havet, er sjølv høgste punkta snøfrie:)

Etter å ha trakka gjennom til knes for kvart steg frå toppen og ned til skogen, kom eg inn i dette riket:

Trass i at nysnøen låg som eit tynt pudderlag i skuggen oppe på toppen så er det dette vi vil sjå:

FOR NO VIL VI HA VÅR!

lørdag 20. mars 2010

Deilig tråd!

Eg har oppdaga Drops sin gode merino-strikketråd. Deilig! Kjempemjuk, god å strikke av, forhåpentlegvis god og varm rundt halsen på både Marylin og storesyster. No "kleiar" det i bestafingrane etter å begynne på eit lite plagg til veslebror som er venta om nokre få veker:) Helgekos!

fredag 19. mars 2010

Z - ikkje lett!

Zaloflaska har andre teke, zink og zzzznorking også, det er neimen ikkje lett å finne på noko på bokstaven Z som ikkje alt har vorte blogga om, for i ABC-leiken til Petunia heng vi med enno.
Det kan hende du synest eg ikkje held meg til reglane når eg tek i bruk eit anna språk for å lage eit innlegg om Z, men det får berre våge seg. Ordet er spansk og tyder sko - Zapatos.

I eit innhaldsrikt liv er det mange hendingar tankane vender tilbake til gong etter gong, ei slik hending - eller periode i livet mitt - er pilgrimsvandringa:
El Camino de Santiago, som mannen min og eg - og mange flotte medvandrarar - brukte 30 dagar på sommaren 2007.

Skal ein gå til fots fleire hundre kilometer, er fottøyet viktig, det kan eg skrive under på! Før vi la ut på sjølve pilgrimsvandringa hadde eg akkurat klart å "gå inn" eit par nye joggesko med god lufting, god demping - og god pris.

Eg hadde eit par til for å kunne skifte på, men det viste seg at i varmen vart dei for trange, dermed hadde eg berre dette eine paret å vandre i.

Vegen snodde seg gjennom mange ulike område;i brusteinslagde bygater, på asfalt, over bruer, langs vinmarker, over fjell og gjennom kornåkrar - i sol og regn...


Etter 500 km såg fottøyet mitt slik ut:



Då frykta eg at dei ikkje ville halde stort lenger, men jammen hang dei på føtene like langt som føtene bar meg: 700 km!

Mis ZAPATOS del Camino

lørdag 13. mars 2010

YR

Kom seint heim frå jobb i går og fekk ikkje tid til å legge inn Y-innlegget mitt, men her kjem det. Petunia har oppretta ei eiga side til ABC-leiken der du kan gå inn og sjå mange kreative Y-ar.
Eg er ikkje spesielt opptatt av vêrmeldinga, så det er ikkje den med "dott-no" bak eg tenkjer på med overskrifta mi, men den kjensla eg får når eg oppdagar denne utanfor kjøkkenglaset mitt:

....og kva er det eg skimtar tett inntil stammen av plommetreet?

Det er ingen tvil, no kan eg proklamere at våren er i anmarsj! Sjå berre her:


Er det rart eg blir yr? VårYR:)

onsdag 10. mars 2010

Fødselsdag:)



Minstejenta fyller 17 år i dag, ho har hatt det så travelt på dagen at vi har knappast sett henne, først var det skule, deretter dans i fire timar. Men ho kom no heim ut på kvelden, og då fekk ho besøk av ei venninne som hadde laga muffins til henne:)


Håper det har vore ein triveleg, om enn travel fødselsdag, gratulerer med dagen, lisjebarnet vårt!

fredag 5. mars 2010

ABC.........................X

Får eg presentere X-boksen min?

Ikkje noko moderne plast og elektronikk her i garden, men ein enkel boks bretta av eit kvadratisk ark.
Eg bruker ikkje X-boksen til å spele spel heller, men til å konkretisere korleis vi finn X i likningar.
I matematikken representerer X ein ukjend, når vi stiller opp ein likning, har vi ei venstre- og ei høgreside med eit er-lik-teikn i mellom.
Når vi bruker er-lik-teikn, må vi passe på at det som er på kvar side av teiknet har same verdi. Endrar vi noko på venstresida, må vi gjere nøyaktig same endringa på høgresida. Målet er å få X åleine på ei side, for då finn vi det talet X representerer.
X-boksen er eit godt hjelpemiddel til å vise dette.

Ei enkel likning:
X + 4 = 7

Vi vil ha X åleine på venstresida, så vi tek bort dei fire som står saman med X, det kan vi gjere dersom vi fjernar like mange på høgresida. Kor mange er det då i X-boksen?

På matematikkspråket blir det slik:
X + 4 = 7
X + 4 - 4 = 7 - 4
X = 3

Kan vi få til meir avanserte likningar med X på begge sider? Jada, vi kan brette mange X-boksar:)
2X + 5 = 15 + X

Her er det berre å begynne å ta bort - likt på høgre og venstre side - og sjå om du endar opp med det same resultatet som meg:

Kva så om det er X minus eit tal på eine sida?
Då kan fargane symbolisere pluss og minus, t.d. blått for minus og raudt for pluss, her er ein enkel likning som viser dette:


Her legg vi til like mykje på kvar side, slik at pluss og minus opphevar kvarandre:
X - 3 = 2
X - 3 + 3 = 2 + 3
X = 5
Smart lita boks, ikkje sant? No må eg skunde meg å fortelje at dette ikkje er mi oppfinning, eg har lært dette av tilsette ved matematikksenteret i Trondheim:)

Vil du sjå andre sine X-ar i ABC-leiken til Petunia, må du klikke deg inn her.