søndag 28. november 2010

Dikt

Eg høyrde eit dikt på radioen i dag som eg trudde måtte vere skrive av Haldis Moren Vesaas, men der tok eg feil, det var diktaren sjølv som las diktet, her er det:

Adventsdikt til eit femårs barn

Tone Ringen
Førjuls tid trør enno stilt i dørene her heime.
Eg hentar fram frå skuff og skap dei same tinga,
år for år.
Så vart eg kan tar eg ei lita hand i mi og leier
små tankar til eit ukjent land,
der kvardagsrøynda teier.
For det er Stillas veker no, når mørkret,
mjukt og tett,
gjev alt av ljos ein undrings glans
av von og draum og lengt.
Du vesle son, det eg ber fram til minnet ditt nett no
skal vekse til ei handlings tru
når du vert mann, ein gong.
Ingen skal få øyde desse dagane, dei få.
Året har så mange veker, der vi ikkje rår.
Som eit ljosskip sigler huset, stilt og lett som snø.
Vi to helgar no ei soge,
sidan vel du sjølv.

Adventslysa 002

Toving

Raumagarn har eit stort fargespekter – så stort at det er vanskeleg å velje når eg skal plukke frå garnhyllene. Eg endar oftast opp med å blande to og to fargar . og på den måten utvidar eg faktisk fargespekteret enda meir:)

Novembertur 009

Når eg har strikka vottar for toving er det veldig spennande å sjå kva som kjem ut av vaskemaskina samanlikna med det som vart putta inn.

Denne gongen har eg teke før-og etterbilete av trådmeleringa. Av og til blir eg veldig fornøgd, andre tider skuffa. Men det er nok denne spenninga som får meg til å strikke stadig nye par – i stadig ulike fargeblandingar:)

 meleringpage

Denne gongen seier eg meg rimeleg fornøgd, samtidig som eg må innrømme at det eine grå paret strikka i einsfarga vamsegarn er ok det også.

Advent   ferdige vottar 042

søndag 21. november 2010

Prøvetur

Etter meir enn tre månader kom eg meg endeleg ut og opp på fjellet igjen!

Himmelsk:)

Fjelltur 002

Eg har hatt ei ufrivilleg pause grunna brot i ei tå. Det skjedde i august og sidan den tid har eg stort sett berre fått på meg tre sko-par: helseskorne eg går i på jobb og to ulike par joggesko. Trimminga har vore temmeleg einsidig, i alle falle etter at vi avslutta kajakksesongen: Sykkel til og frå jobb, og sykkeltur på søndagar.

Fjelltur 003

Men i dag fekk eg lirka foten ned i fjelljoggeskorne, og då var det berre å legge i veg.

Fjelltur 004

Det vart ikkje nokon lang tur, og eg kom meg ikkje på nokon høg topp, men til topps kom eg,

Fjelltur 008

og ned igjen også, utan uhell av noko slag – og det er ikkje verst når det er is og holkeføre heile vegen:)

Harry Potter-feber

Gleda er stor når ein nett har fylt sju år og får Harry Potter-lego

-  litt på etterskot:)

Fleire vottar 002

Mateo – i tannfellinga:) – kjenner godt til historiene om trollmannen Harry Potter, med to eldre brødre som er opptatt av denne spanande figuren, har han nok lurt seg til å sjå dei filmane som er ute på dvd. No er det store ønskje å få gå på kino og sjå den siste. Sjansane for det er nok små, men han lever i håpet….
I alle fall var det fort gjort å sette saman rompeldunk-spelarane – og i dag skal han ringe til Marylin og takke for den fine gåva.

Fleire vottar 012

Strikkebesta er i vottemodus, tre nye par er klare for toving i maskina,

Fleire vottar 015

ventar berre på at det som er på pinnane også skal bli ferdige.

Fleire vottar 010

Ein fin søndag til alle som ser innom her:)

onsdag 17. november 2010

Ferie i november

Det er godt at vi ikkje ser på veret som den viktigaste faktoren når vi skal vurdere om ferien var vellukka eller ikkje.
Vi hadde kanskje ikkje lagt turen til nordiske strøk i november om det var avgjerande.
Andre faktorar er viktigare, som
- å få stikke innom Rauma ullvare sitt fabrikkutsalg på Veblungsnes:)

strikkelykkepage

- å reise via Sverige og besøke Inger – igjen:)

Flognedpage

Der prøvde vi oss mellom anna på innovativ gjenbruk av femtitalskåpe, kven er stiligast?

inovativgjenbrukpage

-Å ta ein morgontur i Odense og få nærkontakt med ei kråke framfor kongens slott

kongensslottpage

- Å sjå kor godt danskane legg til rette for syklistar –  med sykkelpumpe plassert strategiske til i gatene!

- og å sjå H.C.Andersen-huset

HCAndersenhuset2page

- Å kome til Oslo og få møte desse sjarmtrolla:)

besøkpage

- Å ta med Marylin til sentrum og gå på tapasrestaurant saman med oslostudenten og tanteguten min, John:)

Paratapearpage

- å ta ein hybelsjekk og forsikre meg om at vesleguten min har det greitt..

Eg synest han har ein fornem plass å henge opp kjelken sin medan han ventar på kjelkeføre:)

Hybelsjekkpage

Og så fekk eg tova og levert dei fem vottepara eg strikka dei timane vi sat i bilen mellom dei ulike reisemåla:) Vottane skal seljast på julemarkedet til Marylin sin barnehage i starten av desember.

onsdag 10. november 2010

“Nu tager vi til Danmark”

Då sommaren var på sitt beste, tidleg i juli, med sommargjester i huset, var eg så uheldig å verte sjuk.

Loffetur med båten 007

Så sjuk at eg måtte melde pass og krype til sengs. Så sjuk at eg måtte oppsøkje lege for å få medisin.

Det gode med dette var at legen sjukmelde meg – ei heil veke!

Loffetur med båten 026

Det gjer eg meg nytte av no:)

I morgon set mannen min og eg oss i bilen og køyrer avgarde. Målet er Odense der han skal delta på Bølgetræf.

kart danmark

Eg skal berre feriere, vandre rundt og sjå meg om i H.C Andersen sin by.

map-odense

Herleg!

søndag 7. november 2010

Sneen dalte lett og fin

Haustsnø 021

…. og strøk blidt mot ruten min

Haustsnø 009

i morges da jeg drømte på min pute….

Haustsnø 017

…. og vi tenner våre lykter når det mørkner

Lykter 008

og  når alle lyder pakkes inn i vatt,

ja, vi tenner våre lykter når det mørkner

kanskje lyser de til kvelden si´r god natt.

Lykter 009

lørdag 6. november 2010

Glitter


Skiftande – ei god nemning for korleis vi har det på våre kantar i november.

Mange årstider på ein og same dag  seier nokre.

Det hallar vel mest mot vinter når gradestokken viser 1 – 4 grader……

Men vekslar gjer det:
regn – sludd – snø – sludd – og sol:)

Når sola får sleppe gjennom skyene glitrar det i dropar over alt, reine eventyrlandskapet blir det!Dropar 003  

mandag 1. november 2010

Palindrom-dagen

01.11.10  Les dette frå høgre mot venstre, kva les du då?

Akkurat det same som om du les det frå venstre mot høgre!

Og kva er spesielt med det?
Det er eit palindrom!

palindromillpage

På Wikipedia kan vi lese dette om palindrom:

“Et palindrom er et ord, uttrykk eller tall som gir samme resultat enten det leses fra høyre eller venstre (man ser vanligvis bort fra mellomrom og tegnsetting mellom bokstavene).

Ordet palindrom kommer fra de greske ordene palin (πάλιν, «tilbake» eller «igjen») og dromos (δρόμος, «bane» eller «vei»).

Palindromer finnes i mange vestlige språk, men de er særlig vanlige i engelsk på grunn av den store variasjonen og hyppige reversingen av bokstavpar i ord. Finsk er et annet språk med høy forekomst av palindromer, og innehar faktisk verdensrekorden for det lengste palindromet.”

Der er også lenkjer til mange ulike palindrom som er ganske artige:)

Ikkje så lett å illustrere når eg ikkje har ein speglvendingsfunksjon, men eg prøver.

palindrompage