onsdag 23. februar 2011

Travelling woman søkjer reisefelle

Eg er ikkje særleg flink til å markere milepælar her på bloggen, men no skal eg gjere eit unntak: Travelling woman 009

Eg er innom bloggar som har passert ti gongar fleire besøkjande enn meg, men eg kan vel feire at teljaren min har passert 25000 for det:)

Markeringa er ein aldri så liten
“gi vekk”:

twpage
Kan du tenkje deg sjalet “Travelling woman”, designa av Liz Abinante, strikka i handmåla babysilk (80% alpakka, 20% silke), så legg igjen ein kommentar i kommentarfeltet. ‘

Eg trekkjer ein vinnar laurdag 5. mars.

Travelling woman 007

lørdag 12. februar 2011

Frøken Solslikk

frk-solslikk-knapp

Så vellukka debuten min  som deltakar i biletkonkurransene til Anne med bloggen Moseplassen var, må eg berre prøve meg igjen. Rett nok var det ikkje eg, men dottera mi som var fotograf forrige gong, så dette blir første gong eg deltek heilt på eiga hand.

I Frøken frost 2011 kom biletet eg deltok med(Frøken englefjør) på tredjeplass,

Leik i snø og sjal 013

eg vann ei islyktform som no står i frysaren, fylt med vatn og eføy. Den lykta skal få pynte opp på morsdag:)

I dag skin sola inn gjennom stovevindauga og gir kjærkome lys til alle plantene som står i vindaugskarmen, vårkjensla sig på - no kan fotosyntesen kome i gong for fullt!

frøken solslikk 012

Eg har ikkje vore innom og sett på deltakarbileta enno, så kanskje eg må endre namn om det er opptatt, men inntil vidare heiter biletet  “Ein plass i sola:-)”. 

fredag 11. februar 2011

Kledd for vinteren


må ein kunne seie at rekkverket utanfor Husfliden i Ålesund er:)



Dei har hatt ein bra jobb dei som har strikka!

lørdag 5. februar 2011

88 x 2

Søndag 6.februar er det 88 år sidan mora mi kom til verda  Tvillingsjal 019

– men ho var ikkje åleine – ho er tvilling.

Tvillingsjal 012

Borghild Serine og Janny Kristine, dei førstefødde i ein  stor flokk av systre, og til slutt også ein bror.

I dag har mor og eg vore på besøk til tvillingsystra hennar. Det er kjekt når dei to møtest, det er ikkje så ofte det skjer lenger, sjølv om dei bur berre nokre få mil ifrå kvarandre. Sviktande helse må ta skulda for det. Det er ikkje så lett for dei to å huske det som skjer i notida, men dei har mange felles minne frå barndoms- og ungdomstid, og vi kan framleis lære nytt når vi høyrer på dei.

Tvillingsjal 017

Dei hadde felles venner, gjekk i same klasse og dei måtte vere saman om å hjelpe bestemora si med arbeid av mange slag. Dei avløyste kvarandre i jobbar, og dei feira dobbeltbryllaup for vel 64 år sidan.

Ein annan ting dei har felles er at dei har lett for å fryse, dermed hadde eg nokon å strikke sjal til:) Det vart to Shetland triangle shawls; tvillingsjal kan ein vel seie.

shetlandtrianglepage

Dei seier begge to at dei hadde aldri trudd at dei skulle verte så gamle, men her er dei - og fyller 88 år - og vi som er etterkomarar er glade for å kunne feire dagen saman med dei:)