onsdag 28. mars 2012

Småting:)

Det er koseleg arbeid å strikke små babysokkar til eit  tvillingpar på tre månader (Oppskrifta lasta eg ned gratis frå Ravelry)

Småtteri 003

og eit par litt større tjukkelestar til ein liten storebror:)

Småtteri 001

søndag 11. mars 2012

Eksotisk i Ulstein

Her eine dagen gjorde kollegaen min meg merksam på ein noko eksotisk vekst ikkje langt frå heimen min.
I dag, på tur i regnveret, kunne eg ta denne veksten i augnesyn sjølv også. Mobilbileta er nok ikkje av beste kvalitet, men det er likevel muleg å sjå kva plante det er:

010

Tenkje seg til at midt mellom vintergult gras og ei traust furu står det ei palme og lyser!
Med mildveret og alt regnet vi har hatt i det siste kan ein begynne å lure på om klimaendringane har gjort Ulstein til eit subtropisk område….

013

Men vent litt…. eg kan vel ikkje påstå at palma har sett frø og vakse til heilt av seg sjølv, for ved nærare ettersyn skimtar vi ein lapp med artsnamn på heilt nede ved jorda.



Dermed er det nok ikkje naturen som held ap med oss, men heller ein spøkefugl av eit anna kaliber.
Men litt eksotisk er det uansett med ei palme nede i svingen:)

015

Styrken i vatnet

Natt til fredag, ja stort sett heile dagen også, regna det her hos oss.
Sidan eg bruker sykkel fekk eg meg ein skikkeleg dusj på veg til jobb, som i eit moderne dusjkabinett med dyser både ovanfrå og nedanfrå. Slik kjendest det i alle fall ut på dei stadane der veggrøfta ikkje klarde å svelgje unna vatnet så heile vegbana var overfløymd:)
Men ein varm dusj og tørre klede gjer slike opplevingar til krydder i kvardagen.
Etter jobb vart eg møtt av dette imponerande synet då eg kom heim ut på ettermiddagen:


Vegen 006

Regnvatnet hadde danna ei djup grøft på sida av vegen rett nedanfor huset vårt, og midt i vegbana ei smal fure, djup nok til å skade ein bil om eine hjulet skulle kome nedi.

Vegen 003

Eg er glad eg syklar, tenkte eg, for då treng eg ikkje så stor plass i breidda:) – men så kom eg på at minstebarnet hadde køyrt avgarde med bilen min …….
Kva om ho landa i fura midt i vegen?

Vegen 004

Kanskje ikkje så lett å sjå, men det er bra djupt.
Etter at eg var komen inn for døra heime hadde eg så mykje anna å styre med at eg gløymde å bekymre meg – og det var like greitt, frøkena er nok flinkare til å manøvrere bilen enn eg trur så det har gått heilt fint.
Slik var det fredag, og slik er det enno, effekten av herjingane til vatnet får vere i fred for kommunale instansar.
Bileta er tekne i dag, ikkje på fredag, så no er eg spent på kor lenge det går før kommunevegen blir fiksa så han igjen blir i farbar stand…..

fredag 2. mars 2012

Heimkommuna mi

Det er visst utlyst ein konkurranse mellom kommmunane om å lage den beste reklamefilmen for å promotere kommunen.
Ulstein kommune sin film er no lansert. For dei som ser tv skal det visst vere muleg å sjå at det er ein parodi på ein eller annan reklamesnutt. For meg som ikkje har tid til tv er dette eit fullstendig ukjent område, men sjølv om eg ikkje oppfattar all  humoren i reklamefilmen, så kan eg likevel tilrå ein kikk,  for å sjå kor vakkert her er, berre sjekk sjølv: