mandag 28. mai 2012

Tur

Så lite som vi har sett til sola her på våre kantar, toler ikkje huda vår soling fleire dagar i trekk.Vi er rosa som nyfødde grisungar både mannen min og eg….. 
Kva skulle vi så finne på når veret var heilt nydeleg tidlegare i dag?
Biltur! Så gale kan det verte!
Sette oss inn i bilen, godt beskytta mot strålane frå sola, klare for å sjå og oppleve.
Vi sette kursen nordover i fylket vårt og fyrste stopp var ved Hustadvika gjestegård.

matrosdress, Oslo og pinsetur 029

Der hadde dei ikkje starta sesongen enno, men ein liten tur for å sjå oss om kunne vi i alle fall ta:)

matrosdress, Oslo og pinsetur 028

Målet var Atlanterhavsvegen, ei vegstrekning som er verdt eit besøk i både godt og dårleg ver:)

matrosdress, Oslo og pinsetur 032

Vi var slett ikkje åleine om å ta turen dit i dag, og vi var heller ikkje åleine om å fotografere:)

matrosdress, Oslo og pinsetur 038

matrosdress, Oslo og pinsetur 039

Vi fortsette til Kristiansund, og jammen var der vkre stader vidare nordover også!

matrosdress, Oslo og pinsetur 043

Vel heimkomne er skodda og regnet på plass, så i morgon kan vi nok vere ute utan å risikere å bli oppbrende…

søndag 13. mai 2012

Hipp hurra!


Hipp hurra 010

No skal ikkje eg lyge på meg å ha strikka alle desse sløyfene i raudt, kvitt og blått, eg har berre vore ansvarleg for å montere dei.

Hipp hurra 009

Eg må vedgå at eg eg kom i god, gammaldags 17.mai-stemning av dette arbeidet, og det kan trengast så vindfullt og hustre som det er utom døra i dag.


Hipp hurra 006

Det er tantejenta mi, Susanne, som står for sløyfeproduksjonen, så no kan alle små og store som har bestilt sløyfe hos henne gjere seg klare til storstilt feiring på torsdag, med 17.mai-sløyfa på plass:)

Hipp hurra 022

onsdag 2. mai 2012

Når enden er god

Eg er ei strikkebesta, eg har alltid minst eit strikk på gong. Ofte har eg eit lestepar eller to liggande ferdig strikka, men er det noko eg er dårleg på så er det å ta stoppenåla fatt og feste trådendane slik at lestane kan takast i bruk.

I dag er difor ein strålande dag i mine auge, eg har festa endane på åtte par med tjukkelestar:)

når enden er god 002

Lestane til eldsteguten - til mannen min – og til Michael

herrestrpage

Lestane som har fått mønster på langs, på eine sida, slik at eg måtte strikke høgre- og venstrelest

pålangspage

Og para eg har strikka i  den herlege tråden til Du store alpakka: Sterk. Ein tråd eg verkeleg har fått sansen for; mjuk og god, fine fargar og meleringar, og dryg! Av 150g får eg to par i damestorleik, eller eitt par i herrestorleik og sikkert to par til toåringen vår:)

sterkpage

I løpet av dei godt og vel tre åra eg har blogga er det ikkje første gongen eg har festing av endar som tema, men eg kan ikkje love at eg ikkje kjem til å gjenta meg sjølv fleire gongar, om eg fortset med å blogge.