søndag 28. oktober 2012

Snippel–Snappel–Skappel -

eller Strikkebesta…….

Som den garva ikkje-tv-sjåaren eg er må eg berre seie at eg ikkje veit kven denne Skappel-dama er. Om eg skulle møte henne på gata, eller om det skulle dukke opp eit bilete av henne, ville eg ikkje ha kjent henne igjen. Men Skappel-gensaren kjenner eg til, og eg er såpass oppdatert på det som skjer i nyheitsbiletet at eg har fått med med oppslaget om at ho hadde kopiert gensar-designet til ein motebutikk i Oslo, nemleg Freudian Kicks.

Det eg ikkje forstår er korleis nokon kan påberope seg å ha designa dette tidlause plagget!
Det var akkurat slik dei såg ut dei fyrste gensarane vi strikka i"handgjerningstimane" på skulen for leeeenge sidan.

Eg høyrde forresten om ei bestemor som hadda strikka Skappelgensar til barnebarnet, gensaren vart så diger og tung at han såg ut som ei brynje, ho lurte på om ho skulle gi han til det lokale vikingspelet "Kongens ring" som går av stabelen kvart år i juni:)
Det seier vel noko om at det kanskje var slik dei fyrste gensarane som vart strikka såg ut også, ein gong i "tidenes morgen"?

Minstejenta mi, som no er Bergensstudent, har tigga etter ein slik gensar ei stund, eg har halde igjen, det er no eit perfekt begynnar-prosjekt! Men forrige laurdag ga eg etter og kjøpte tråd til gensaren.

Skappelgensar 003

Eg tok utgangspunkt i ei oppskrift som eg fann her:
http://anitasskriverier.blogg.no/1345275284_skappelgenser_og_rill.html, som igjen hadde vore innom her: http://mariaskappel.no/2012/08/15/skappel-genseren-igjen/

Eg har gjort mine justeringar, både med omsyn til lengde, breidde og halsfelling, og ikkje minst val av tråd (Sandnes garn) derfor meiner eg å vere i min fulle rett til å sette på min eigen logo – eller kva?

Skappelgensar 017

Biletet tok eg ute på den nedesnøa altanen vår, og slik har sommarblomstrane mine det der ute akkurat no:


Skappelgensar 004

lørdag 20. oktober 2012

Viktoriaplommene

Då vi flytta inn i huset vart, for mange  år sidan, stod det gamle viktoriaplommetreet til Besta mi i hagen. Når vi hadde hatt varme sommarar, og hausten hadde vore bra, kunne vi kose oss med dei beste plommene i verda. Men det var også haustar då plommene ikkje vart modne.

Det var ein sorgens dag då plommetreet måtte vike plassen for veg til huset til bror min, eg likte det dårleg då eg såg gravemaskina røske opp treet med rot og slenge det frå seg på bakken.

Men vi kjøpte oss eit nytt Viktoriaplommetre som vi planta framfor kjøkenvindauget, og enten så har åra gått fort, eller så var det eit hurtigveksande tre, for det har i alle fall vakse plommer på det i mange år alt. Kvar haust er vi like spente på om plommene rekk å modnast før vinteren kjem.

Siste sommar var ikkje mykje å skryte av med tanke på sol og varme, men plommene vaks likevel, så vi kjende spenninga stige på veg heim frå den vesle haustferien vår til varmare strøk.
Og jammen så var der nokre som hadde fått rette fargane, gule på eine sida og raude på den andre:) Vi plukka dei som såg best ut på måndag, eg må vedgå at det var skuffande å setje tennene i den første plomma; smaklaus og vassen! Men til plommesylte fekk dei duge. Det vart nokre glas då, og litt fleire i dag, og til trass for den dårlege kvaliteten, så går tankane til dei fantastiske hermetiske plommene som Besta brukte å spare til jul, når eg tek meg ei skive med plommesylte:)

Eg gløymde å fotografere før syltinga, her er dei som ikkje vart godkjende som sylteplommer ein gong:

Viktoria 001

Og her er dagens produksjon:

Viktoria 004

fredag 19. oktober 2012

Glede!

Endeleg har eg klart å lure pc-en min til å reinstallere live Writer igjen, så no kan eg ta kontroll og bestemme både utforminga og storleiken på bileta igjen:)

Etter mi meining verkar det som at til fleire oppdateringar dei produserer desse som skal gjere det enkelt og greitt å bruke pc og nettenester, til vansklegare blir det for oss vanlege brukarane.
Akkurat som om dei held på med desse oppdateringane berre for å ha arbeid……

Men eg skal  ikkje syte, berre vere glad for at det blir nokolunde greitt å blogge igjen – og håpe på at bloggelysta kjem tilbake.

No må eg sjå om eg finn eit par bra bilete i arkivet mitt, berre for å få litt farge på innlegget.

Sommar 2012 251
IMG_8344
God helg frå ei glad Strikkebesta:)

onsdag 17. oktober 2012

Der peparen gror

Hausten går frykteleg fort! Mykje å gjere på jobb, og så er eg student igjen... Hadde bestemt meg når diabetes-diagnosen var eit faktum at det måtte verte slutt på stillesitjing og studiar, men no når eg får inn trimmen med å sykle til og frå jobb, så er det litt tid til overs likevel. Meininga er at eg skal halde på med dette deltidsstudiet i tre og eit halvt år....tida vil vise om eg kjem i mål:)

Av ein eller annan grunn fekk eg ein ubendige trong til å kome meg ut av huset i haustferien, og då var det fort gjort for mannen min å lokke meg med til paradiset hans - Madeira. I fjor haust var han der i to veker og det ga skikkeleg meirsmak, og det som lokkar aller mest er store bølgjer!

 Ikkje akkurat så flatterande bilete av gubben, men sjå kor høgt bølgja slår oppetter bergveggen i bakgrunnen!








                                                                      Herleg temperatur i sjøen og varm sol mot kroppen er heller ikkje å forakte


 















 








For ikkkje å snakke om alle ulike fruktslag og grønsaker ein kan få kjøpt!

































Fargesprakande spansk pepar, ferdig tørka, klar for bacalaogryta:)









I tillegg er der farlege myggar, vi fekk nokre saftige myggstikk begge to, men har heldigvis ikkje merka noko sjukdomssymptom så langt.
Eg vart nok ikkje like forelska i øya som det mannen min er, sjølv om turen absolutt var vellukka. Det som irriterte meg var at eg ikkje forstår portugisisk, i alle fall ikkje når det blir snakka,  og så fekk eg ikkje høve til å betre spansken min!