mandag 23. mai 2016

Strikkearven

Eg har teke opp arven etter mor, eller...... kanskje ikkje...
I løpet av dei siste produktive åra til mor strikka ho eit ukjent tal med pledd i havskummønster.
Ho fekk eit slikt pledd i fødselsdagsgåve, kanskje til syttiårsdagen sin, og truleg syntest ho det var fint, for det tok ikkje lang tid før ho fekk fatt i oppskrifta og begynte å strikke havskumpledd sjølv.


Kor mange ho har strikka er det ingen som veit, men alle vi borna hennar fekk oss pledd, likeså dei fleste av barneborna, her i huset ligg det for tida tre slike pledd som ho har strikka, sidan dei to yngste enno ikkje har "flytta ut" heilt på rett. Eit utal har pledd vorte gitt til utlodding til inntekt for ulike gode formål.


For ti år sidan, då Marte venta Marylin, lærde mor meg mønsteret slik at eg fekk strikka eit vognteppe, men det vart med det, og framgangsmåten gjekk i gløymeboka.
Medan eg  strikka "Det hele kongerige" tidlegare i vår begynte eg å tenkje på at det er no synd at ikkje nokon av mor sine etterkomarar held i hevd  denne pleddstrikketradisjonen, så eg gjorde eit søk på nettet og landa på ein blogg som hadde lagt ut oppskrifta, i alle fall bort i mot slik mor brukte å strikke det. Dermed sette eg i gong med eit nytt babyteppe så snart eg hadde avslutta det forrige, denne gongen med remser i havskum som skulle syast saman til eit teppe til slutt.


Det tok mor to veker å strikke ferdig eit pledd passe stort til å pakke rundt seg når ein tek ein strekk på sofaen. No har eg brukt nøyaktig ein månad på eit lite babyteppe, ikkje akkurat imponerande tempo, men i dag vart det ferdig, det einaste som står att er vasking og blokking.


Mor hekla ein tungekant rundt heile teppet til slutt, så det måtte eg også gjere, eg er ei skikkeleg kløne med heklekroken - og ikkje bryr eg meg med å sjekke korleis denne tungekanten skal heklast heller, det blir som det blir - på min måte.




Eg ser også at mor sydde saman remsene på ein annan måte enn det eg har gjort, og ho strikkka med to fleire maskar i breidda på kvar remse, men summa sumarum er mitt vesle babyteppe ein bra kopi av mor sine pledd.



Om eg kjem til å forsette med havskumstrikkinga no? Vel, eg går lett lei om eg strikkar det same om og om igjen, men eg veit i alle fall at oppskrifta er teken vare på - og eg kan strikke eit pledd når eg vil - om eg vil:)

tirsdag 17. mai 2016

Gratulerer med dagen!

Nasjonaldagen har teke kvelden, vi har feira på tradisjonelt vis, fått vore saman med familie,









helst på grannar og venner, ete godt, gått i tog og sunge fedrelandssongar. Vi har høyrt på talar og vi har fått anna underhaldning, blant anna av flinke Oliver og dei andre femteklassingane.





Mateo er no sjuandeklassing, så han var medarrangør av feiringa i bygda.



Vi har også hatt kontakt med dei som bur andre stader i landet:) 





Luca, eldste barnebarn, har no lagt bak seg russetida, 



det er nok både foreldra og dei yngre brødrene takknemlege for.




I morgon er det kvardag igjen - greitt det også:)

mandag 16. mai 2016

Midt i mai


Ooops, bråstopp i blogginga – utan nokon god grunn. Eg strikkar som før, eg omgir meg med barneborn som før, eg opplever mykje som er verdt å få med i neste utgåve av bloggeboka, så no må eg ”ta meg på tak” og blogge litt igjen.

Eg får ta det kronologisk etter kva eg har strikka: Fyrst vart det eit par strømper til eldstejenta, ho ville også ha skinikkers og ullstrømper, akkurat som mamma si:) 


Etter det fyrste paret med selbuvottar som guten min bestilte vart eg biten av Selbuvottebasillen, då måtte eg prøve meg på fleire selbumønster. Eg hadde liggande eit par som eg brukte som oppskrift, så då vart det vottar til gubben og vottar til eldsteguten. 


Så vart det eit par til Michael, i eit anna mønster, 




han og Marylin kom "flyborne" til Sunnmøre på vinterferie. 




Det neste paret var tenkt til Marylin, men av ein eller annan grunn forsvann basillen, så no ligg her eit og eit halvt par og ventar på å få tommel.


Det var kanskje minstejenta sitt ønskje om ny gensar til påske som gjorde at eg la til sides vottane. I alle fall vart det ein ønskjegensar i kvitt med marineblå mønsterfarge i ei litt tilpassa utgåva av Sirdalsgensaren, som eg fann gratisoppskrift til på nettet.




Så snart den var ferdig klødde eg i fingrane etter å begynne på ”det hele kongerige”, vi skal jo verte besteforeldre igjen om ein knapp månad. Sist eg strikka dette babyteppet tenkte eg at jammen skal det mykje til før eg set i gong med eit slikt prosjekt igjen, men no var det naturleg å tenkje at eg må no strikke det til nokon i familien sidan det forrige var eit bestillingsverk for ein kollega.




Det tek si tid å strikke eit slikt teppe, eg begynte på det midt i påskeveka, hadde det med til Oslo på besøk til flokken der som har flytta inn i nyinnkjøpt hus, 










og strikka jamt og trutt på det til det vart ferdig i tide til neste Oslobesøk i samband med Kristi himmelfartsdag.