mandag 21. november 2016

Mistanken slo til

Ja, ikkje noko krimimelt, altså, eg er tilbake til strikkeria mine igjen.
Gensaren som minstemann på 27 skulle få vart mindre enn eg hadde tenkt, eg tek ikkje sjølvkritikk for denne bommerten, det var rett og slett biletet som pryda framsida av oppskrifta som lurte meg.
 Der er det avbilda ein mann som har på seg ein svær gensar, og eg kjenner gutungen min, han er ikkje interessert i å gå rundt i ein sekkeaktig sak, gensaren må site fint om han skal bruke den, derfor valde eg å strikke minste storleiken.


Den passa akkurat til eldstejenta, så no er ho ein gensar rikare og eg er like langt med gensar nr.2 som då eg blogga om strikking forrige gong.


Eg trur eg skal kome i mål med den nye gensaren før vi tek ein tur til Oslo i månadsskiftet.


Når eg først er inne på strikking: ei god venninne som har sin eigen blogg, ANE, er ein slik person som dreg med seg folk på mykje kjekt, mellom anna strikkehappeningar.
Ho inviterer heim til seg på "Strikk og tyt", gjerne med eit bestemt tema, og ho inviterer oss med på arrangement av forskjellig slag, mellom anna strikkekafe i regi av det lokale husflidslaget.
Dette biletet har eg "lånt" frå henne.


Sist ho "kalla inn" til strikk og tyt var det korgstrikk som stod på programmet, då sat vi ein bra flokk og konsentrerte oss om denne teknikken. Eg var beskjeden og la opp til eit enkelt panneband,


men det inspirerte til å sjekke litt på youtube og der kom eg over ei oppskrift på dobbelt korgstrikk. når eg får tid skal eg fullføre det pannebandet også.


Andre satsa på litt større arbeid, t. d. gryteklut (eigaren av strikketyet er fotograf her)

ANE sjølv låg i forkant, ho var alt garva i teknikken ( foto: ANE, igjen)


difor sette ho i gong å lære seg vevstrikk (også ANE sitt foto),

 så kven veit, kanskje det blir tema på neste strikk og tyt?

torsdag 10. november 2016

Haustferie x 2

Som lærar har eg eit komprimert arbeidsår som medfører nokre avspaseringsveker i ny og ne, t.d. haustferieveka til elevane.
Sidan vi avviklar denne veka til ulik tid aust og vest i landet, kom austlandsbesøket på haustferie ei veke eg var i full jobb.
Sjølv om dei ikkje vart oppvarta til alle døgnets tider hadde dei ei fin veke, Marylin syntest det var rart at vi hadde strålande sol heile veka når sommarferieveka deira hadde voreså regnfull at dei knapt var ute, men slik er det på Sunnmøre.
Det vart tid til mykje kos, frå kafebesøk



og krabbe- og hummarfest 



til badeliv i Sunnmørsbadet, 











besøk hos oldemor og storsamling rundt laurdagspizzaen.


Michael fekk leike med både store og små syskenbarn,



 Marylin fekk nokre dagar saman med  Sienna, og ho fekk treffe Eva og Aase


og alle fekk kose med vesle Mio som veks så utruleg fort.





Og så, når ei hektisk veke var omme og besøket var trygt heime i Oslo, hadde eg ei heil veke fri til å bruke til det som fall meg inn.
Veret var framleis like strålande så eg fekk meg ein fin tur på Garnestua eine dagen 




og ein herleg kajakk-tur til Hatløya den neste. 




Siste delen av veka køyrde vi til Bergen og besøkte Åsta 



og vidare til Stord for å treffe slekt og venner der.