Til lukke med dagen, tauser!Om eg er feminist?
Tja..... ja!
Det er eg. Eg er heldig, bur i eit land der vi har nådd langt i synet på likestilling mellom kjønna,
framkjempa rettar ser vi på som sjølvsagde goder. Men ikkje alle er så heldige, nokon har måtta kjempa kampen for oss, og mange må kjempe kampen enno.
Eg trivst i fellesskap med andre kvinner, uttrykket "kvinne er kvinne verst" er heilt framandt for meg, skal eg tenkje negativt så synest eg at "menneske er menneskets verste fiende" passar betre!Med svært få unntak er det dei kvinnelege kollegaene mine eg har kome nærast inn på, dei er, og har vore, rause m.o.t. å dele godt og vondt med meg.
Eg har hatt kvinnelege sjefar som eg set svært høgt, dei har evna å sjå sine tilsette som heile personar og har vore gode førebilete, så nok ein gong: Til lukke med dagen, tauser!

(Siste bilete er henta frå nettutg. av Adresseavisa)









Dette biletet som eg tok utandørs yter ikkje gulfargen rettferd,









