Ville valmuer er eit vakkert syn, eg tok med valmuefrø for å så heime, men forsøket mitt lukkast ikkje. Vi tilbrakte den fyrste natta i ein diger steinhall i Roncesvalles. Der stod det opprasta 130 køyer i same romet, omlag 120 av dei var i bruk. Det var ei merkeleg oppleving då lyset var sløkt kl 22, all aktivitet og prat vart dempa samtidig med lyset, etter ei kort stund var det like stilt som i soveromet heime. No er eg gift med ein garva snorkar, så heilt stilt er eg ikkje van med å ha det, men sjølv snorkelydane berre forsvann opp mot det høge taket i steinhallen.
På eit høgdedrag vest for Pamplona stod dette pilgrimsmonumentet.
Her slo vi av ein prat med Eva og Aslaug frå Bergen utanfor Larrazoaña.
Spania er delt inn i mange provinsar, vi vandra gjennom fire av dei, den første, Navarra er ein del av Baskerland. Baskerane har sitt eige spåk, baskisk, som er svært ulikt andre språk i området, men alle snakkar også spansk. Den største og viktigaste byen vi var innom i Navarra var Pamplona / Iruña, som vel er mest kjend for okseløpa, La fiesta de San Fermin. Dei går føre seg ei veke i juli kvart år. Dette fekk ikkje vi med oss, og det er vel like greitt, innbyggartalet meir enn doblar seg desse dagane, og det har vorte meir ei turistsak enn lokale tradisjonar etterkvart.



















Eg sette i gong med litt sterke fargar,


Opa skapdør?
O´boy-boksen midt på kjøkkenbordet!
To Ikea-plastglas med eit brunt stoff i ved sida av o´boy-boksen