Fine fridagar skal brukast i fjøra.
Der kan ein få flott fangst!


Det er også fint å gi fangsten fridommen tilbake når ein er ferdig å forske på funna:)


Konglane er ikkje så store akkurat, men likevel veldig dekorative når ein skal lage krans til jul.
Et glimt av M
Nei, for dette er er Mateo, seks år på sjølvaste FN-dagen:) Skulegut og flink storebror som er i full gong med komplisert samansetjing av ein spaca legodoning saman med Oliver.
GRATULERER MED DAGEN, MATEO!
Denne spesielle sorten av eik feller ikkje blada slik vanlege eiketre gjer.



11.oktober var det Jonah sin tur.

Då fungerer det. No spinn eg så smått på rokk:)
Tusen takk også for oppmuntrande kommentarar, dei er med på å halde optimismen levande!!!
Problemet mitt er at eg ikkje får til å spole opp den nye tråden eg spinn, i staden tvinnar han seg meir og meir. Eg snarar han opp på spolen manuelt og prøver igjen og igjen, men han let seg ikkje spole opp. Kva er gale? Skal spolen gå rundt saman med den dingsen med krokane på eller skal han stå i ro?
Ein vakker, gammal spinnrokk från de svenska skogar.
Dette er kunsthandverk.
Ein velbrukt, sliten kvardagsgjenstand som forhåpentlegvis no skal takast i bruk til det han er laga for: Spinning!
Optimisten Strikkebesta trur at ho kan lære seg å spinne ved å lese KORLEIS i ei bok:)
Og neste dag i dagslys: Arkiteturen og storleiken! Må nok tilbake dit, ja! Med betre kamera:)
På besøk hos Marylin i Oslo fekk Besta endeleg trakke rundt i tørt, sprakande haustlauv, det er ei stor glede for einfaldige sjeler, men vanskeleg å oppnå heime når hausten består av daglege regnbyger. Og faktisk så syntest både Marylin og Mateo også at det var kjekt!
Ein Ikea-tur for å kjøpe korger til spinnesakene mine, pluss litt supplement til Oslostudenten vart det tid til, og sjølvsagt innom hos han for å forsikre meg om at han har det greitt der han bur:)
Ein kan aldri bli lei av å gå på oppdagingsferd hos henne; ho har så mange fine, søte, artige, gamle - og nye - saker rundt omkring i det store huset sitt, og der er stadig nye augnefryder å finne:)

Leikebutikk og godtebutikk var tingen for M og M, og litt vanka det på dei, både i den eine og den andre butikken...t.d.snopegebiss:)
Besta sjølv gjorde eit storvarp som fylte opp heile bilen, og som må få sitt eige blogginnlegg i morgon:)!!
Etterpå vart det nemleg mange, mange timar i bilen. Først på Dombås fann Besta ut at ho måtte ha kaffipause. Der fekk vi også oppleve den første snøen i år:)
Jammen godt at Bestefar hadde skifta dekk på bilen til Besta!
Vi kom til Gardermoen akkurat i passe tid til å møte Marylin med familie som kom frå London, tante sat på i bilen med oss så Besta slapp å køyre feil det siste stykket, og vi kom oss trygt og greitt heilt fram til Oslo.
og vi har rusla ein tur i skogen,
det var deilig å kunne gå ut utan regnkle og støvlar!
Vi var innom på besøk hos onkel og tante til Marylin - og så kom vi heim til deilig Tikka Masala som pappaen hennar hadde laga til oss.
Eg har det fint og er heilt fornøgd med haustferien min så langt:)Borghild er eit kvinnenamn, av norrønt Borghildr, av Borg 'berging, vern' og hildr, 'strid'.
Sideformer er Borghilda og Bjørhild.
Borghild har i Noreg namnedag 2. desember.
Den Borghild eg skriv om er ikkje noko glad i strid, men ho verner om heimen og heimlege verdiar. Ho trivest best i sofakroken med eit strikk eller ei god bok mellom hendene.

Borghild, 86 år, saman med tvillingsystra eldst i ein syskjenflokk på seks systre og ein bror.
Mor til seks, mormor/farmor til tjue, oldemor til seksten.
Ei aktiv foreiningsdame, var leiar i barneforeininga i bygda i 30 år, var med å starta sjukeheimsforeininga som gjer ein innsats for utsmykking og kulturinnslag på sjukeheimen, og møter framleis opp der annankvar torsdag når det er foreiningsdag.
Har vore frivilleg kjøkkenhjelp på leirstaden Kjeldsund fleire somrar.
Har strikka eit ukjent antal tepper til born, borneborn, oldeborn, og til lag og organisasjonar, til utlodding.

Då frivilligsentralen i kommunen innførte ein årleg frivilligpris i 2005, vart Borghild stemt fram som vinnar, ei utmerking ho set stor pris på.