Endeleg, mot kvelden letta det så ein kunne verte freista til å gå ut for døra.
Eg passerer eit lite berg når eg er ute på tur, og på toppen av det veks ei fin plante som eg ikkje anar namnet på. Ho heng elegant nedfor kanten på berget og lyser vakkert grønt.
Eg tenkjer kvar gong at eg må ta med kamera og få foreviga denne flotte planta, og i dag gjekk eg eins ærend for å ta bilete.
Det var nok litt for lite lys no i kveldinga så ho kjem ikkje heil til sin rett, men eg legg ut bilete likevel:)
Ein avblomstra lupin tek seg flott ut, pynta med regndropar, medan ein annan framleis står i blomst.