søndag 29. april 2012
søndag 15. april 2012
Våren–jada:)

Det ligg så mykje livskraft og sprengjer på at vårteikna dukkar opp i år som i fjor:)

Frå sykkelsetet, på veg til og frå jobb, har eg sett både kusymrene og ein og annan kvitveis, så no var det på tide å ta seg ei runde med fotoapparatet og forevige desse skjønne skapningane.
Blåveisen veks ikkje fritt her på vår kant av landet, men dei er ikkje så verst dei plantene som trivest her heller:)


tirsdag 10. april 2012
Sykling og slikt
Når ein snart fyller seks år er det nesten forventa at ein skal kunne sykle på tohjulssykkel.
Men ikkje alle er like interessert i sykling – og ikkje alle kjenner seg trygge på at dei klarer å halde balansen når beina er plasserte på sykkeltrødene.
Marylin har vore heilt fornøgd med å ha på støttehjula på den vesle sykkelen sin, som ho har hatt sidan påska i 2009.
Men når det kjem kommentarar frå dei andre ungane i gata, så må berre støttehjula av, og mamma til Marylin hadde ei viss forventning om at når berre besteforeldra kom på påskebesøk så skulle det bli ei ordning med å lære å sykle – “på orntli”.
Klart det, med to pedagogar på oppdraget så måtte det bli sving på sakene! Passe helling fann vi rett utanfor huset, og jenta var både samarbeids- og lærevillig:)
Fyrst lære å halde balansen
Så auke farta
og øve meir
-og vips, så er jenta syklist!
Michael fann seg godt til rette med bestefar som “motor”
og berre kosa seg i solskinet:)
Kosa oss gjorde vi også på Oslobesøk hos born og borneborn, her er forresten Michael i mariusen som eg strikka til han i vinter:
søndag 1. april 2012
Påskeferie
Deilig med nokre fridagar, og herleg med dei lyse, lette fargane som inntek huset når vi pyntar til høgtida – så får berre snøen lave ned utanfor…..
Eg trur vi har meir påskepynt enn julepynt, utruleg alt ungane har hatt med heim gjennom åra!
Litt har eg laga sjølv også
Og nokre ting har eg fått av andre
Litt har vi kjøpt
Og det meste er i gult og pastell:)
God påske!