Vi er så heldige at vi har ei mor/sviger-/beste-/oldemor som tek vare på ting. Ein ting vi verkelege har gleda av å bruke om og om igjen er matorsdressen til mannen min.
Tenk at for 62 år sidan kjøpte ho inn ein splitter ny matrosdress I ull, med silkekrage , silkemansjettar og silkesnor i fløyta til eldsteguten sin, mannen min.
Der er mange finurlege detaljar på dressen, som at buksa heng fast på trøya etter fire knappar
-at der er snøring I livet bak på buksa
-at der er sydde legg på skuldrane og ned på ermane på trøya, og flott løvemerke på eine ermet
-at fløyta framdeles gir lyd frå seg når vi bles I henne
-at gutebarnebarna mine tek seg så flotte ut når dei får på seg bestefar sin matrosdress.
Våre eigne gutar hadda aldri på seg dressen, dei hadde for lite kjøt på beina til å fylle ut i han når dei var i aktuell alder. Den eldste av barnebarna fekk heller ikkje brukt dressen, han flytta ikkje hit til landet før han var litt for stor for han.
Men Anthony, Mateo, Oliver, og sist Michael har alle vore dressa opp i det staselege, gamle plagget, og Besta har vore like sjarmert og kry av alle saman:)
Veslebror til mannen min var ikkje like begeistra med gjensynet då Michael kom i konfirmasjonen til Anthony
iført stasplagget; han hadde friskt i minnet korleis han sneik seg fram mellom ei rekkje bilar på ein parkeringsplass då han som femåring vart trua inn I dressen på syttande mai…