Er det noko eg har problem med her i livet, så er det å stå imot utfordringar. Det kan sjølvsagt føre meg opp i mange vanskelege situasjonar, men denne gongen er det heldigvis ei overkomeleg utfordring Mormonsen har gitt meg: Skriv om nyttige reiskapar du har bruk for i kvardagen.
I jobbsamanheng er den nyttigaste reiskapen utan tvil den vesle firkanta boksen som eg opnar så snart eg er på plass om morgonen, og den siste eg let att før eg går heim langt ut på ettermiddagen: Pc-en.

Før denne forhatte, men velsigna reiskapen vart fast inventar på arbeidsroma rundt om på skulane, gjekk det med uendeleg mange timar til å lage skjema, med linjal og tusj som hjelpemiddel, du veit, det er haugevis med planar som skal lagast på ein skule: Fagplanar, vekeplanar, dagplanar, møteplanar, planar for individuell opplæring og planar for spesielle tiltak. Det skal også lagast oversikter over ulike oppgåver som elevane skal utføre, oversikt over fjell-, idretts- og skidagar osb.
Nesten heilt fram til årtusenskiftet var den viktigaste reiskapen blyant /penn / tusj og linjal. Alle planar var handskrivne, ei god hjelp var blanko og kopimaskin, men samanlikna med alle mulegheiter vi har fått med pc-en når det gjeld kopiering, redigering, endring av layout og oppsett,var den gamle måten berre tungvindt og seindrektig.
I heimen er eg visst eit veldig rørete menneske,i alle fall er rørereiskapar det eg synest er viktigast. Vi har ein visp som vi fekk i bryllypspresang, saman med mange andre nyttige gjenstander til heimen, og denne vispen passar eg på som om han skulle vere gullbelagt! Etter mange og tredve år er han både "furet og værbitt" og eg fryktar at loddinga mellom visp og handtak kan gå opp kva dag som helst,
og så finn eg ikkje noko som kan erstatte han! 
Den gamle ballongvispen er ok til sitt bruk, og det har kome i hus ein fancy sak med blankt, fint stålhandtak, men som visp gjer han ikkje nytta. Det einaste som delvis kan måle seg med gamlevispen er to sjølvlaga rørereiskapar i furu.

Men kven veit, kanskje nokon finn akkurat ein slik visp på ein loppemarknad eller brukthandel og sender til meg - det har hendt før at omtenksame medbloggarar har trådt til og sendt meg det eg har ønskt meg:)