I dag hadde eg endeleg tid til å ta turen til Leikongeidet og prøve både ski og løype. Ein strålande dag med lett, fin nysnø, -8 grader og sol.
Fullt av bilar på parkeringsplassen fortalde om populariteten til anlegget, skia kom på og eg la i veg innover i terrenget. Mange blide ansikt å sjå langs den godt preparerte løypa.
Eldstejenta mi, som har ivra slik for at eg skulle ta meg ein tur, hadde foreslått at eg kunne gå lenger enn lysanlegget, det var berre å følgje skispora etter folk som hadde gått der før meg. Eg var godt fornøgd med eigne skiferdigheiter etter å ha stått utfor opptil fleire unnarenn utan fall og følgde rådet hennar, men utanfor oppkøyrde løyper, der snøen er mykje lausare, måtte eg før eller seinare "tryne"; eit mjukt fall, utan nokon tilskodarar:)
Vel komen på beina igjen, såg eg at eine skia låg att eit par meter lenger oppe - men kvar var bindingen? Eg leita i laussnøen og fann ein bit av ei plastplate, noko meir var ikkje å sjå, ikkje før eg kikka ned på skoen min. Der hang resten av bindingen.
Slik enda eg opp som upopulær fotgjengar i skiløypa i dag.
I morgon skal G-sport få besøk av ein vanskeleg kunde som vil ha svar på kor mykje ein skibinding eigentleg skal tole.

No til Pay it forward-trekninga:
Før jul vart eg trekt ut til å motta ei gåve frå Gamleheksa, ho hadde 365 dagar på seg til å få avgarde gåva, men rask som ho er, så hadde eg ein pakke i postkassa mi rett over nyttår.

Den 11. denne månaden hadde eg mitt Pay it forward-innlegg, då sette eg fristen til kommentere til kl. 22.00 i dag, tre av dei som har kommentert skal no trekkjast ut til å føre stafettpinnen vidare. Lappar med namna til alle er bretta saman og lagt i ei skål, mannen i livet mitt kom akkurat inn, så han skal no få det ærefulle oppdraget å trekkje tre av lappane:)
Desse tre vil innan 365 dagar få ei gåve frå meg, føresett at dei er villege til å vidareføre leiken:
Sonja med bloggen Sonjas side
Anne Britt som er å finne på Kontraster
Wigdis som er eigar av Bestemors kosekrok
Eg har planen klar for kva gåva skal innehalde, og eg lovar at det skal ikkje gå eit heilt år før pakken kjem, men nokre veker vil det nok ta...
Til slutt må eg fortelje at eg tidlegare i dag var så heldig å vinne ein brodert duk i jubiléumslotteriet til Bodil i Handarbeidsgleder:)