Ein ting er sikkert, eg har ikkje fritidsproblem, no er halve veka gått sidan n-en vart lagt ut i ABC-leiken og eg har ikkje fått tid til å lage innlegg før no.
Substantivet mitt denne veka er nietos – borneborn. Eit viktig ord, både på norsk og spansk! Eg har sju av sorten sjølv, sju flotte, aktive, gode borneborn, frå tretten år til to månader, som gir mykje glede:)
Jente-barnebarn heiter nieta, medan gute-barnebarn heiter nieto, når vi snakkar om alle samla blir det nietos.
No har vi hatt dei samla rundt oss ei vekes tid, dei er ikkje like lette å fange med linsa alle, men her er gjengen:
Andre bidrag i tredje runde av Petunia sin ABC-leik finn du om du klikkar på lenkja.