Etter at eg måtte gjennom ei livsstilsomlegging for nokre år sidan har eg vorte ein skikkeleg vandrar. Eg likar å gå – og sidan eg treng å kome meg ut og røre på meg har eg også skaffa meg gode kle som gjer det greitt å vere ute i alt slags ver.
Om vinteren går eg til jobb, 6 km, og skal eg kome meg fram med helsa i behald må eg sjølvsagt ha godt feste, også på glatta. Eg sleit ut broddane mine mot slutten av vinteren i fjor, og då kjøpte eg meg nye, veldig gode, fjørande broddar. Men slike saker held ikkje lenge til meg, etter å ha gått med dei to dagar denne sesongen, såg dei slik ut:

Gummien har slitna og “fjørene” stikk ut i alle retningar!
Sidan det nærma seg jul, var eg snar å ønskje meg nye vintersko med piggar i solen, eg hadde lese om slike på ein blogg, og tenkte at dette må vere tingen!

Her er dei: Icebugs, ikkje særleg vakre, men dei fungerer:) 16, karbonstålpiggar under kvar sole!

Eg kjem meg trygt til jobben kvar dag:).
Men av og til må eg innom ein butikk på veg heim frå jobb, som t.d. torsdag , då eg skulle kjøpe ei gåve til treåringen Håkon:. Ikkje før hadde eg sett mine bein på butikkgolvet før eg høyrde frå dama bak disken: “ Har du brodder?”
Eg forklarte at eg hadde piggar faste i solen, og fekk prompte beskjed om å forlate butikken, dei ville ikkje ha øydelagt golvet sitt.
– Ikkje særleg kjekk oppleving, Men no er ikkje eg av dei som lettast let meg avvise, eg ville bli ferdig med gåvehandelen, så eg tok av meg skoa og vandra rundt i butikken på strømpelestane til eg hadde fått kjøpt det eg ville ha.
Det løyste seg for denne gongen, men eg kjenner at eg no kjem til å vegre meg for å gå i butikkar i Icebugs´a mine etter dette, eg veit at det skal finnast ein gummisole til å sette utanpå skorne, men på den nettbutikken vi brukte er dei utselde, difor sender eg spørsmålet mitt ut i verdsveven: Er det nokon som veit kvar eg kan få kjøpt gummisolar til Icebugs, bortsett frå i nettbutikken “outnet”?