fredag 23. april 2010

B for barco

Den tredje runda i Abc-leiken til Petunia, med tekst og bilete, starta forrige veke. Eg skreiv då at eg har bestemt meg for å følgje eit tema, det eg ikkje skreiv var kva tema eg har valt meg:)

Sidan eg likar å flagre frå det eine til det andre, må tema femne vidt. Kva synest du om ……..

substantiv – på spansk?

Det var nokre bloggedamer som prøvde å dra i gong eit spanskkurs på nett, men tidsklemma sette ein effektiv stoppar for kurset før det kom i gong. No kan vi jo kompensere litt ved å ta eitt ord i veka her hos meg, i løpet av dei 26 vekene vi finn felles bokstavar i det norske og spanske alfabetet.

Denne veka har eg bilete av båten til mannen min; el barco de mi marido, som vi skal på tur med til sommaren:)Loffetur med båten 003

Og her sit reiaren sjølv og slappar av ei morgonstund i havna på øya Silda.

Loffetur med båten 035

A - hokjønn:
 adivinanza

  gåte
B -  hankjønn
 barco

  båt

Vil du sjå fleire løysingar på bokstaven b, kan du klikke på koblinga øvst i innlegget.

mandag 19. april 2010

Morgonstemning

 

Morgonstemning 007

Slik såg det ut her hos meg i dag tidleg, vakkert, men……..

Morgonstemning 009

Den mørke himmelen forespegla oss meir snø, og den kom, men heldigvis er det ikkje så mykje som blir liggande så langt ut på våren:)

søndag 18. april 2010

Aprilvinter

- Ein dag vil den stormande vinter deg nå,
då vert det vel dødsdagen din.
- Då kviler eg lunt og har snøkåpa på,
til vårsola kysser mitt kinn.

lørdag 17. april 2010

Motløyse - staheit.......

Det har vore stilt om spinning frå denne kanten ei god stund no. Det er ikkje det at eg ikkje har spunne, men det har gått utruleg sakte.
Eg likar best naturfiber, og silke er heilt i ei særstilling blant naturfibra.
Eg har kjøpt blandingsfiber av ull og silke som eg har spunne tråd av, har til og med strikka meg sjal av eigenspunnen tråd. Men utvalet når det gjeld fiber er stort, og eg les ikkje så nøye kva bruksområde det er tenkt til før eg handlar, og slik oppstår problema......
Eg fekk i hus noko som heiter silkenoil, 100% silke, det såg ikkje ut slik eg hadde forventa då eg opna posen:
Faren min var maskinist, og som barn var det stas å vere med ned i det bråkete, oljeluktande maskinromet i båten han jobba på. Der var alltid ei kasse full av "twist" som dei brukte til å tørke olje med, silkenoilen likna mistenkeleg på slik "twist", berre litt meir gulaktig på farge.
I følgje merkelappen så skulle silkenoilen vere karda, det såg ikkje slik ut etter mitt syn, så eg fram med kardene og i gong med å karde silken på nytt.



Så var det å spinne fiber til tråd...... eit vanskeleg prosjekt, skulle det vise seg. Ikkje før var rokken i gong så slitna tråden, så var det å tre enden gjennom auget på rokken og begynne på nytt, men då hadde tråden , som verka fast og sterk før eg drog han gjennom auget, vorte forvandla til laust fiber som slitna mellom fingrane på meg. Klumpete og ujamn som berre det vart tråden, og med ein del rusk og rask frå før avliminga av puppene. Det kunne vere freistande å gi opp heile silketrådprosjektet, men etter å ha fått nokre meter på spolen så tvinna eg silketråden saman med merinoull frå Leine i Gudbrandsdalen, og meleringa i denne tråden vart så fin at eg måtte berre lage nok tråd til å kunne strikke noko av han.

Spinneprosjektet har teke meg over ein månad, nesten så det har gått på sjølvtilliten laust:) Eg har sukka og skjent, rista på hovudet og gått frå rokken i fullt sinne, men eg har ikkje gitt opp!Endeleg kom den medfødde staheita meg til nytte, seier systra mi.
Det høyrer med til historia at silkenoil eigentleg er tenkt brukt som effekt når ein vil lage spesiell tråd..., lurt å lese nøye før ein går til innkjøp:)



No står vasking og tørking for tur, men det hastar ikkje, eg veit nemleg ikkje kva eg skal strikke av dei omlag 500 metrane enno.......

torsdag 15. april 2010

Adivinanza


Ja, eg blir med ei runde til, eg, Petunia:) Det er som du skriv ein fin måte å oppdage nye bloggar på, og det er lærerikt!
Eg reknar med at det blir like mange som vil vere med i denne runda som i forrige, du kan sjå andre sine innlegg her

Denne gongen har eg valt å følgje eit tema.
Ordet eg har i overskrifta, adivinanza, tyder gåte, og her er gåta:

De qué país pienso y qué lengua voy a utilizar en esta vuelta?

Nokre hint:






La adivinanza: substantiv, hokjønn.

søndag 11. april 2010

Første fjelltur dette året i berre t-skjorte

Eg trur heile landet har hatt vårvêr i dag:-)
Herleg med varmande sol, og utruleg kor snøen har forsvunne på eit par veker!
I dag låg det berre nokre små snørestar igjen på dei mest skuggefulle stadane.
Eg la i veg kledd til å vere ute i våren, med fleecejakke over t-skjorta, men eg hadde ikkje gått mange metrane opp gjennom skogen før fleecejakka måtte av, sjølv på toppen av Høgåsen kunne eg site og nyte utsikta, og ete eplet mitt, berre i t-skjorte. Då er det vår!

Mange vårteikn å observere, men framleis meir å sjå av hagevekster enn av viltveksande planter.

Det fine helgevêret lokka mannen min ut på fisketur i går, så til middag i dag kunne vi kose oss med søndagsfin steikt fisk: Fersk torsk, dobbelpanert, med poteter og raspa gulrot til:)

AWARD - kva - og kvifor?

I dag har eg fått ein ny award:) Tusen takk til Margrethe i Hulter til bulter som sende han til meg!



Ho skriv i innlegget sitt at ho synest reglane som følgjer med awarden er i meste laget; gi han vidare til 12 medbloggarar....


Nokre av dei ho vil gi han til takkar nei nettopp på grunn av dette, og andre har bestemt seg for at deira bloggar skal vere awardfrie, både fordi det blir for mykje jobb å ta imot og vidaresende awardar, og fordi dei finn det vanskeleg å plukke ut nokre få "verdige" mottakarar blant alle kjekke, flinke, velkvalifiserte vennene dei har i bloggverda.

Dette får meg til å stille spørsmåla eg har i overskrifta til innlegget:
Kva er ein award? Kvifor gir vi kvarandre awardar?

Er ikkje awardar ein måte å vise at ein set pris på ein medbloggar?
Skal ikkje awarden vere ei oppmuntring - noko å gle seg over?
Må vi følgje reglane slavisk, eller kan vi tillate oss å tilpasse dei litt?

Eg innrømmer gjerne at eg blir glad når eg får ein award, og eg samlar på dei på bloggen min:)
Har funne ut at eg nok er ein smule forfengeleg på dette området:)

Og kjære alle dykk eg ønskjer å dele han med: Sjå på dette som ei utmerking og ei oppmuntring, gjer med han kva du vil, husk at fellesskapen her inne skal vere ein fristad - eit pusterom - ikkje det motsette!
Og er du ei av dei eg ikkje sender han til, så er det fordi eg veit / trur du har fått han før, det er nemleg slik at er du på blogglista mi så er det fordi eg synest du har ein fin og lesbar blogg:)


Her kjem lista på 12:
* Den syende himmel
* Hagebø
* Hverdagslivet hos meg og mine
* Ingrids ull og tull
* Mathildes rokk
* Nannis verden
* Sonjas side
* Spinneglede
* Strikk med ... farmor
* Randis tanker
* Troll og ting
* Villmarkstausa

Her er heile reglementet:
1. Legg ut Awarden i bloggen din
2. Gi den videre til 12 personer
3. Link til de du gir den til
4. Gi de beskjed om awarden
5. Link til den du har fått den av

torsdag 8. april 2010

Godt fornøgd

Eg synest eg har grunn til å vere det - godt fornøgd - med eigen innsats i ABC-leiken som Petunia administrerer, siste bokstav i alfabetet er lagt ut, og eg har laga eit innlegg for kvar bokstav:)

Å - ÅRSTIDER - det er noko eg er glad for!
Tenk å få oppleve skiftingane i naturen.
Tenk å få ha vår etter den lange, kalde vinteren vi har hatt!
Tenk at sommaren er rett rundt hjørnet:)
Tenk deg ein vindfull haustdag med tørt lauv raslande på bakken!
Tenk kor godt det er å ha snøen som lyser opp i den mørkaste tida:)




Å er også fyrste bokstaven i namna til både minstejenta og mannen min.



Takk til Petunia som har drege i gong denne leiken



Takk til alle kreative bloggarar som har gitt meg mange tankar og idéar med innlegga dykkar, og takk til alle som har vore innom og kommentert mine innlegg:)

mandag 5. april 2010

Ønskje

No må eg ile til med ABC-innlegget for denne veka! Nest siste bokstav i runda, og eg heng så vidt med enno:)

Ordet eg har valt i dag kan etter nynorske rettskrivingsreglar skrivast med y eller ø fyrst i ordet. Sidan ø-utgåva ligg nærast til dialekta mi, og sidan eg treng eit ord som startar med ø, vel eg denne utgåva.


Fint ord, ønskje!
Det ligg så mykje positivt i ordet; håp, forventning og framtidstru, enten ein ønskjer noko for sjølv eller for andre.

Vi har vore bortreiste nokre dagar, på besøk hos svigerinna mi i Sverige, ho fekk oppfylt ein ønskjedraum då ho fekk sjansen til å kjøpe det nydelege huset sitt:

Medan vi var på besøk der feira vi dobbel fødselsdag, sidan ho hadde dag onsdag og mellomste jenta vår, Marte hadde dag laurdag. Då ønskte vi dei sjølvsagt til lukke med dagane.

For oss besteforeldra vart det ei ønskjepåske sidan vi fekk låne med oss Mateo og Oliver og på den måten fekk sjansen til å vere saman med dei tre minste borneborna våre desse dagane.

Borneborna fekk oppfylt ønskjet sitt om å få treffast og leike saman, det gjekk i isknusing på den vesle innsjøen nedanfor huset

- og grilling ute

- og måling av både påskeegg, av forskjellige slag, og seg sjølve:)

- og filmsjåing inne.

No når vi er vel heime igjen, ønskjer eg svigerinna mi nokre fredelege dagar etter alt ståket, eg ønskjer Marte og familien hennar lukke til med den nært føreståande fødselen,og til alle som les innlegget ønskjer eg vel overstått påske:)