Då dei eldste ungane mine var små likte eg svært dårleg at dei ville ut og gå halloween. Å kle seg ut som skrømt og gå rundt og plage folk og tigge snop, nei, det skulle eg ikkje ha noko av. Dei to yngste spurde ikkje om lov ein gong, klart dei skulle gå halloween og seie ”knask eller knep” same kva eg meinte om den saka.
I jobben min, eg underviser mellom anna i engelsk, lærer eg kvart år litt meir om denne for oss ukjende tradisjonen, og kva skjer?
Frå å vere ei skeptisk dame som helst såg at halloween vart forbigått i stillheit, har eg år for år akseptert at denne skikken også er innført her i landet. Når eg veit meir om bakgrunnen til feiringa er det mykje lettare å godta dette også. Det er som med framandfrykt generelt, vi er negative til det vi ikkje veit nok om, når vi blir betre kjende med det framande, forsvinn skepsisen.
Dette har ført til at i år har eg kjøpt oransje lys til utelykta,
eg har utstyrt meg med nok godteri til alle som måtte finne på å banke på døra mi
- og eg har til og med kjøpt inn oransje roser til helga:)
Når så Mateo min var den første som ringde på – og stod der åleine i mørket med “bloddryppande” munn – tok eg meg i å synest at det var rett koseleg å få slikt skummelt besøk:)
Seinare kom Oliver og ein kompis,
og etter det har her vore omtrent ti andre born som har teke for seg av snopet eg hadde klart til dei.