Dei siste dagane har eg svusja rundt frå eine bloggen til den andre og lese svara på tag`en eller même`n som er den store farsotten i Blogglandia for tida, no er det min tur, det er vel berre å skride til verket:
Hva er du opptatt av for tiden? Å halde elevane fokuserte på skulefag fram til den 23., kva eg skal pakke / la vere å pakke i pilgrimsekken min før vi set oss i bilen med nasa vendt mot Spania den 24. , å snu huset på rett kjøl så det blir greitt å kome heim til om ein månads tid, blogging...
Hva har du på deg i dag? Ullundertøy og regnbukse - heile skulen har utedag i dag:)
Hva skal du spise til middag? Skal endeleg lage den lasagnen som eg hadde planar om på måndag.
Hva hører du på akkurat nå?Lyden av "fullkomlig tystnad".
Hvordan er ditt favorittvær?Sterk synnavind ein haustdag:)
Hva er ditt mest utfordrende mål akkurat nå?Å avslutte skuleåret på ein ok måte.
Hva synes du om den personen som tagget deg?(Trollkåno) Eg har fått inntrykk av ei dame som har omsut for folk og dyr, og som har eit godt grep om fotografering, handarbeid og hagestell. Ein sympatisk person.
Hvis du kunne ha fått et hus, ferdig innredet, hvor som helst i verden - hvor skulle det ha vært?Eg har eit hus, eg. Ikkje er innreiinga noko å skryte av, ikkje huset heller, i fylgje ungane mine, men eg trur ikkje eg hadde vore i stand til å ta vare på enda eitt, så nei, takk, ikkje fleire hus til meg.
Hva ville du gjerne hatt akkurat nå? Uavgrensa arbeidslyst.
Hva vil du gjerne bli kvitt? Trongen til stadig å kjøpe ting....
Hvis du kunne dratt hvor som helst i verden den neste timen, hvor ville du ha dratt?Til Oslo.
Hvilket språk ville du lære? Eg kan ikkje nøye meg med berre eitt, eg vil lære swahili, fransk og kinesisk, i tillegg til å bli betre i tysk, engelsk og spansk.
Hva ser du etter i en venn? Ikkje så mykje, kun: Truskap, ærlegdom, sjølvinnsikt, humor, empati, omstillingsevne, sjølvironi og toleranse.
Hvem vil du gjerne møte? Dei to borneborna mine som bur så langt unna (Oslo) at eg berre møter dei i feriar, og Nelson Mandela.
Hva slags musikk liker du? Blues, jazz og vakre salmar.
Hva er favorittplagget i kleskapet ditt? Den oransje-gule-rosa-lilla-stripete kjolen min:)
Hva er drømmejobben? Ein jobb der eg møter menneske og utfordringar kvar dag - oops! -eg har visst ein slik jobb!
Har du noen favorittmodeller? Rollemodell, ja! Nelson Mandela.
Hvis du hadde hatt 1000 kr nå, hva ville du ha brukt dem på? Sommarsko
Beskriv stilen din. Umuleg å kategorisere.
Hva var det siste motebladet du leste? Sikkert eit som låg på venteromet hos tannlegen - eller var det kanskje ikkje eit moteblad det???
Den siste cd-en du kjøpte? Muleg det var Eva Cassidy.
Hva hørte du på da du ble tagget? Vesle Sienna som "las" dyrene i Hakkebakkeskogen:)
Hva vil du akkurat nå? Ut og opp - nei ikkje i trea - men på fjellet og gjere unna "blodsukker-runda" mi.
Eg sender utfordringa vidare til Wivi i
Bestablogg og Jorid i
Jorids BestemorBlogg