I kjøkkenskapet vårt står det alltid ei nugattiboks, den er til borneborna:)
Mateo og Oliver er utruleg svoltne når dei kjem innom ein tur – fordi det er berre hos oss dei får dette søte, klissete pålegget.
Dei er veldig tyrste også – fordi sjokomjølk, eller “nuboy” som dei kallar det smakar så godt!
I dag hadde dei seg ei lita kosestund ved kjøkkenbordet, men når Besta kom med fotoapparatet var ikkje Mateo heilt fornøgd med at bileta av han skulle ut på nettet. – Det er kanskje ein viss fare for at foreldra går inn på bloggen min og les om kosthaldet han har når han besøkjer oss……
Vi tek sjansen likevel – besteforeldra får ta støyten:)
God søndag!