På Ravelry kan ein finne veldig mange lekre sjal, det er lett å få dilla på denne typen plagg om ein er innom der og ser.
Eg er nok sterkt angripen av sjal-basillen for tida, når eg ikkje har meir sjølv-spunnen tråd som eignar seg til sjal, så er det jammen godt at det finns trådbutikkar i nærleiken:)
Ei av oppskriftene eg har kjøpt på Ravelry heiter peacock – eit passande namn, synes eg, sjå berre på blondemønsteret i nedste kanten av sjalet.
Det er strikka i babysilk, 80% alpakka og 20% silke, deilig tråd å strikke av, men sjalet vart ikkje så lett som dei eg har strikka av min eigen tråd!
Eg synes naturkvitt er fint - og så passar det til det meste, men sjå tråden eg fann på Husfliden i Ålesund: 50/50 alpakka og silke:)
Denne fargeblandinga berre ropte om få bli brukt til eit peacock-sjal. Og sjølv om prisen var dryg, vart det til at eg kjøpte med meg tråd til eit nytt påfuglsjal.
Eg gler meg til i morgon, laurdag, for då får eg endeleg sjå tråden i dagslys, eg kjem så seint heim om dagane at det er mørkt ute, derfor kan eg ikkje vere heilt sikker på at fargane er slik eg trur….
Hei ! Sit framfor ein god og varm vedaomn i Perineshus og kosar meg. Måtte innom bloggeland i kveld me :)
SvarSlettSå nydelig det er sjalet du har strikka !! Det ser ut som en herlig farge i det garnet du har kjøpt og det er så deilig med litt silke i slike sjal :) Ønsker du har ein fin fredagskveld og så må du kose deg og strikke i helga :)
Petrineklem
Den fargen er nydelig, har nett sett den i butikken. Men her er innkjøpsstopp enno....
SvarSlettSkjalet ditt var også fint, har nett strikka hals i samme tråden, og det er nydelig i bruk..
Ha ei fin strikkehelg.
Tusen takk for gode ord! Det varmer, og vi finner stor trøst i alle disse hilsene her i blogglandia;)
SvarSlettVakkert sjal!
Klem fra Turid;)
Det vart eit lekkert sjal :) Spennande farge på det andre garnet. Ha ei flott helg :)
SvarSlettFörstår du hamnat i sjalträsket du också, det finns så många fina. Ditt mönster här är bevis på det. Färger är inte lätt nu i mörkret, men jag misstänker det är minst lika fint idag :)
SvarSlettNydelig håndarbeid !
SvarSlettJeg holder på å slanke garnlageret, men det går smått!
God helg til deg !
Klem fra meg!