I dag går turen til Spania igjen i

for eg vil skrive om
Gaudi-arkitektur til bokstaven
GKven har vel besøkt Barcelona utan å bli fascinert av den leikne, overdådige stilen til Gaudi i La Sagrada Familia, eitt av dei andre byggverka hans, eller heile anlegget Parc Guell?

Noko som kanskje ikkje er like kjent av
Gaudi sine byggverk, er det utruleg vakre Palacio Episcopal i Astorga, Castilla y León, nord-vest i landet.
Dette vesle palasset med dei reine linjene er som tatt rett ut av eit eventyr!
I alle fall verka det slik på meg første gongen eg såg det, på Caminonvandringa i 2007. I sommar måtte eg tilbake for å ta ein kikk på det igjen, og eg vart like overvelda som sist.

I løpet av caminoen vår i år, medan vi sat og åt middag på ein restaurant i Arzua, Galicia, tjuvlytta eg til ein pilgrim som fortalde om
sitt første møte med denne
Gaudi-perla:Han kom til Astorga akkurat den dagen dei feira 120-årsjubiléum for palasset, og der var omvisning for publikum. Då hadde han høyrt at biskopen som bestilte palasset aldri hadde budd i det, fordi det vart for dyrt for han:) Synd for biskopen, eg synest likevel vi har grunn til å sende han ein takknemleg tanke for at han fekk
Gaudi til å bygge dette flotte monumentet!

Har du lyst til å sjå fleire
G-bidrag i Petunia sin ABC-leik, finn du dei
her.