fredag 9. januar 2015

Og så kom julekvelden på kjerringa

I alle fall vart det ei kort og hektisk adventstid, frå eg kom heim den 7. desember og fram til juleferien var det litt som skulle gjerast, og gjort vart det:)

























Så kom gjestane - og vi feira tradisjonell jul og kosa oss. 



























2.juledag fekk vi til og med snø som straks måtte takast i bruk før han forsvann i mildveret igjen.






















No er 2014 historie - og eg kan sende inn bestilling på ny bloggebok:)

torsdag 8. januar 2015

Heimveg

Turen måtte jo ta ein ende, tidleg laurdag morgon pakka vi oss ut av hotellet og køyrde taxi til flyplassen. Etter grundig sjekk av baggasjen og kontroll av billettar vart vi skyssa bort til flystripa, der verdas mest sjarmerande eittmotors propellfly venta på oss.

Vi fekk beskjed om at ein passasjer måtte ta plass framme ved sida av piloten, og gjett kven som då kasta seg fram og inntok den plassen? Riktig- ho Besta sjølv:)


Der var mykje fram i cockpiten som eg ikkje forstod meg på


Men utsikta var upåklageleg




Flyturen tok berre 20 min, men det var moro så lenge det varte. Eg sneik meg til å knipse eit bilete av piloten før vi forlet flyet


Her er vi vel framme i Dar es Salaam.



















Etter kvart oppdaga vi at Marylin, som hadde vore slapp og utilpass heile morgonen, hadde feber, og ho klaga over vondt i magen. Faktisk var det berre så vidt vi fekk ta henne med på flyet til Quatar airlines, ho måtte innom "legekontor" og få med seg ei "friskmelding" fyrst.
Ho hadde ikkje nokon god flytur til Doha, men ho heldt ut.


















Vi hadde bestilt overnatting der for å gjere heimreisa meir overkomeleg - og bra var det!


















 

Etter litt venting på flyplassen kom vi oss til hotellet, og ei god natts somn i ei luksuriøs hotellseng gjorde underverk:)



Opphaldet i Doha var ei erfaring å få med seg: Vi følte oss svært godt ivaretekne, og samstundes svært godt påpassa. Alt var ordna, alt gjekk føre seg på ein effektiv og korrekt måte, der var ikkje rom for impulshandlingar eller utforsking på eiga hand. 


Inntrykket vi sit att med er ein velordna og ryddig by, vakkert stelt og moderne, god kontroll på all logistikk. Velstand og system er passande stikkord. Sikkert godt å vere mann i dette samfunnet.....


Heilt ny og fin terminal på flyplassen,

 


 





























Kongen har sin eigen terminal, 




med eigen tilkomst



Tidleg søndag morgon var siste etappe på turen var i gong, det er ikkje så verst å reise med dreamliner:)
12 dagar fulle av opplevingar var til endes,









Brått var vi tilbake i kvardagen og skulle fordøye det heile. Takk for turen, folkens!


søndag 4. januar 2015

Bli-ferdig-med-Tanzania-innlegg

No skulle eg slt ha sendt bestillings på bloggeboka for 2014, men eg er no ikkje ferdig med turen enno.

Stonetown på Zanzibar er ei blanding av smale, sjarmerande gater, restaurantar, opne marknadsplassar, strandpromenade, historie og ny tid.

 
















Mange pågåande gateseljarar gjorde det trasig å ferdast der, men vi måtte likevel ha oss eit par turar inn i byen.

Her er utsikta frå ein restaurant vi besøkte.





Michael fann ein leikepark han ville utforske



Vakre blomar var der over alt på øya.




Nokre hang framleis på trea, andre dekte bakken under trea.





Solnedgangen var kort, men fargesterk.







Den siste kvelden drog tilbake til hotellet og tok middagen i restauranten der. Det vart ein kveld med litt av kvart:


 


God mat, ja, men det gjekk kattar rundt borda og tigga etter mat, dei var så ivrige at dei klora oss oppetter leggane. Og midt under middagen vart det stor oppstandelse: Ei rotte kom pilande over golvet, og både Marylin, Michael og to kelnarar sprang rundt på vill jakt etter rotta. Ho smatt til slutt inn i baren og dei fekk lukka døra, kva som skjedde vidare der inne veit vi ingenting om... men apetitten forsvant liksom...

Eit tomannsorkester kom etter kvart og stilte seg opp på stranda nedfor restauranten, og før vi visste ordet av det var orkesteret utvida med tre personar:)



















 Michael, Marylin og Marte som skulle gå ein tur på stranda fekk utdelt rytmeinstrument og spelte med av hjartans lyst!











torsdag 1. januar 2015

Prison Island


Fredagen fekk vi ordna ein eksklusiv tur til Prison Island, Michael, Marylin, Marte, Daniel og eg.

 
















Vi drog ut i ein tradisjonell trebåt med påhengsmotor.






Framme ved øya var det først snorkling som stod på programmet. Dette er noko eg aldri har prøvt før, og det vart ein del innhalering av salt sjøvatn, noko harking og ein god del hosting og spytting i bølgjene, men fint var det!



















Daniel hadde med kamera og tok dei flotte bileta.


















Marylin hang på han som ein klegg og fekk dermed sjå den  fine naturen og fiskane som symde over reva der vi snorkla.




















 Michael og Marte vart frakta inn til stranda så dei kunne bade på trygg grunn.

























Daniel snorkla seg heile vegen inn medan Marylin og eg fylgde båten då vi sa oss ferdige med snorklinga.



















Så var det dei store landskjelpaddene som stod på programmet. Dei har vorte innførte frå Seyshellene ein gong i tida og ser ut til å trivast godt, den største og eldste er nesten to hundre år. Dei minste er nyklekte og bitte små.


















Vi fekk halde ein ungdom på 25 år.



























 



Og det ser lyst ut for nye skjelpadder, det var paring på gong då vi kom:)





Etterpå var vi bortom fengselet som aldri har vore brukt til å sperre inne fangsr, det var i staden beredskapssjukehus under spanskesykja og seinare under eit pestutbrot i India.


































På veg inn att heiste vi segl og duva sakte av stad:)


























For ein dag!