mandag 1. januar 2018

Hausten som gjekk

No har eg oppsummert strikkeåret mitt, då er det også på tide å kome a jour med kva hausten har hatt å by på elles.
Vi likar oss godt heime, for min del er sofakroken og strikket veldig freistande etter ein lang arbeidsdag, eg har ikkje behov for så mykje anna, likevel er det kjekt når det skjer noko...

Ein tur til Oslo, for eksempel, då får vi vere litt i lag med Marte med familie og vi får treffe Iver og Janne. Denne hausten har vi vore to helger til Oslo, først i slutten på september og så i midten av november.

I september var det framleis så varmt i veret at vi kunne reise inn til byen og ta lunsjen ute.



Vi hadde ikkje noko bestemt ærend, berre ei helg for å vere i lag og slappe av. 








I november tok vi turen for å utveksle julegåver og treffe familien til Marte ein siste gong før jul sidan dei ikkje skulle kome til Sunnmøre denne jula, men tilbringe juleferien på cruise i Karibien.




I haustferien var Marte og ungane nokre dagar på besøk med oss før vi tok oss ein tur til Spania.








Det er fint å ha rause slektningar som gjerne låner ut leiligheita si til oss. Vi var på La Manga i ti dagar, 




i løpet av desse dagane hadde vi mykje sol og varme, 


men også nokre dramatiske timar med torever, vind og regn. 






Vi bada mykje,






 vi åt ute kvar kveld, heilt til vi begynte å lengte heim til norsk kvardagsmat, vi var ein tur til Cartagena 






og ein tur til Albir.  






Fram for alt hadde vi late dagar der vi låg på lading slik at energinivået skulle halde fram til juleferien.






Her heime er vi heldige og har Tove og Petter med sine familiar i nærleiken slik at vi ofte får vere saman med dei. Dei to eldste til Tove er på veg ut frå heimen, Luca har alt studert eit halvår i Trondheim, og om to veker reiser Antony til Nord-Noreg i militære. Heldigvis er det nokre år til dei to yngste blir så store. I jula nytta dei høve til å ta eit godt, gammaldags familiefoto.


Petter sine to er i småbarnsalderen enno, sjølv om vi ser dei så og seie kvar veke verkar det som dei har vorte større og har lært seg nye ting kvar gong vi møtest, det er fantastisk å få vere så nær og fylgje utviklinga deira.






I jula var sjølvsagt Iver og Åsta heime, vi har vore mykje i lag heile gjengen, 








dei faste årlege selskapa er gjennomførte på tradisjonelt vis, det er mykje liv og røre når heile Sundgotfamilien er samla, lydnivået er høgt, særleg mellom dei yngste, men det er no litt av sjarmen med heile samankomsten.








No er vi tilbake i kvardagen, i morgon syklar eg til jobben igjen.


 Eg har lite tru på at bloggen min vil bli så mykje brukt i året som ligg framfor oss, ikkje fordi eg ikkje har noko å skrive om, men fordi eg har vorte ei sur, gammal kjerring som ikkje gidd, eller evnar, å halde meg oppdatert på endringane innan tekniske finessar, som stadig kjem og gjer bloggelivet mitt til eit konglomerat av, for meg, "unødvendige hindringar" i staden for det det er meint å vere.


 

Det tok visst litt av

Ja, med islandsstrikk, altså.

Det finns så utruleg mange fine mønster på islandstrøyer, og tråden - lopi - enten det gjeld einband, lett-, álafoss- eller pløtulopi  så har den slik fin struktur og gir så mykje karakter til strikkaplagga at eg er heilt hekta. I tillegg er dette ein ganske billeg tråd.
I haust har eg pressa islandstrøyer på dei fleste i familien, enten dei vil ha dei eller ikkje. Ei trøye har eg selt til ei badevenninne, og ei har eg strikka på oppdrag.
I tillegg til dei åtte eg strikka i løpet av våren og sommaren



vart det ein gensar etter mønsteret Ranga, der eg valde å strikke glattstrikk og bruke mange fargar i berestykket.



Ein Merla-gensar til meg sjølv, strikka i dobbelt einband, utan faks i nedkanten.



Ein Øngull til Iver, strikka i Álafosslopi, 


ikkje så lett å sjå, men der er seks fargar i mønsteret. Ønskte han seg ein islandstrøye? Nei, men eg kan vel gi han det eg vil i "jibbersgåve"?



Så vart eg med på ein "knitalong" der alle skulle strikke Afmæli, eg valde å strikke min i tre blånyansar i pløtulopi, den veg berre 260 g, noko som er utruleg lett med tanke på at det er hundre prosent saueull.




Ein kompis av meg som må kunne kallast ein ekte globetrotter var på Island i haust, han skreiv på fb at han kjøpte seg ei hue, men ein gensar tok han ikkje sjansen på då han frykta at den ville verte for "stikkete for hans sarte hud". Eg kunne ikkje halde meg frå å svare at han måtte berre kjøpe tråd så skulle eg strikke ein gensar som berre blir mjukare og betre til meir den blir brukt.
Han kom heim med tråd og ei oppskrift som skulle vere tilnærma lik hua hans. Det var ingen sak å endre mønsteret slik at det vart heilt likt huemønsteret, og sidan trøya då vart ein original fekk den namn etter eigaren: Eirikur Flakkari, strikka i dobbel pløtulopi.





Sidan strikka eg ein ny Afmæli i nesten dei rette fargane etter mønsteret, den vart ferdig til Laura sin fødselsdag i slutten på september, eg brukte lettlopi på den.





Og då vart det naturleg å strikke ein Vedurfrædingurinn til Petter, også i lettlopi, så dei har kvar si islandstrøye når dei går på fjellet.









Den sekstande islandstrøya har det gått saktare med, eg har stadig hatt andre strikkeprosjekt som måtte få prioritet, som tre ullbukser til Mio,








og like mange ullgensarar før austlandskulden sette inn på rett.




Så vart det ei monsterbukse til Oskar - og ei til Vinjar,


før eg begynte på ein Per Spook-gensar til Kristina. Den er strikka i str 11/2 år så den ligg her umontert og ventar på at jenta skal vekse litt til.


I staden strikka eg ei Fanakofte med rundfelling som vart ferdig til jul og som passar bra.


Så måtte Åsta ha seg ein Hybridgensar i ein tråd Faerytale frå Du store alpakka  og ein tråd Drops air,
eg fekk tak i to nøster av Air, resten måtte eg vente på i to månader før der var meir å få av den, så no er endeleg den ferdig


og eg kunne vende tilbake til den sekstande islandstrøya, ein Telja som eg strikka i lettlopi og som eg akkurat fekk ferdig før det nye året starta.





I 2018 har eg berre planar om eit par, tre, fire - kanskje fem - nye islandsstrikkeprosjekt før eg begynner å strikke huer, vottar og lestar igjen.