Etter at borna våre har vakse til og vorte vaksne har vi i syskjenflokken begynt å kjøpe små julegåver til kvarandre, ikkje noko stort og dyrt, berre småting, som vakre juletrekuler, godteri o.l.
Til denne siste jula syntest eg at eg var tidleg ute, og at eg verkeleg hadde funne bra gåver til syskjena og svigersyskjena mine:
Mini-broddar med berre to piggar i kvar små nok til å putte i veska eller lomma, og med nok grep til å halde seg på føtene i ein naudsituasjon:) Og med ei metallboks til å oppbevare dei i.
Broddane fann eg, av alle plassar, på nettsida til Den Norske Bokklubben. Som sagt, til meg å vere var eg tidleg ute med bestillinga, og ganske kjapt hadde eg halvparten av gåvene i hus; dame-broddane i str. 35 – 40. Resten let vente på seg, men nokre dagar før jul fekk eg mail om at no var restordren send, pakken skulle kome rett i postkassa mi…….. han dukka ikkje opp…
Nei, nei, han kjem vel i romjula då, tenkte eg, det er no ikkje så nøye kva tid mine vaksne syskjen får desse gåvene.
Romjula gjekk, utan at pakken dukka opp, rekninga, derimot, den kom -
- Og purring på rekninga fekk eg også, så eg måtte sende ein mail om at eg ikkje ville betale for varer eg ikkje har fått. Heldigvis gjekk det ikkje lenge før svaret kom, eg måtte berre sjå bort frå purringa.
Eg føler eg har god grunn til å skryte av De Norske når det gjeld betaling, eg har ein lei tendens til å bruke fakturaen som følgjer bøkene til bokmerke, så blir dei liggande inne i bøkene, og eg gløymer å betale dei… Dermed får eg purrebrev, som eg då er rask å betale:)
Av og til kjem det ei bok der det står 0 kr på fakturaen, då har eg betalt dobbelt for ei tidlegare bok, og De Norske passar på for meg at rekneskapen kjem i balanse igjen:)
Tilbake til julegåvebroddane: I går fekk eg ei påminning frå posten om at der ligg ein uhenta pakke på postkontoret……å, javel, men eg har ikkje fått noka tidlegare melding! Når eg påpeikte det til dama i skranken fekk eg til svar at det er heilt vanleg i julerushet at dei ikkje får ut pakkemeldingar.
Er det slik at dei sit det julaftan i ein haug av pakkar som dei har gløymt å sende ut hentemelding om? Synest eg ser dei for meg midt i pakkehaugen med det flotte slagordet sitt:)
Posten – Vi lever for å levere
No har eg i alle fall ein haug med mini-broddar, både store og små
Kanskje eg må sende ut hentemelding til syskjen og svigersyskjen?