Vi har feira henne så godt det let seg gjere når forma ikkje er på topp. I november var ho så uheldig å bryte lårhalsen, ei veke seinare måtte ho gjennom ein ny stor operasjon grunna hol i tolvfingertarmen. Sidan då har ho vore skral, matlysta er heilt fråverande, og ho har vorte slapp og svak. Men ho er oppe ei stund dei fleste dagane, og i dag orka ho å vere saman med born, svigerborn pluss tre svigerinner og delta i middagen vi hadde til ære for henne.
Ho ville tilbake til senga før vi fekk tid til å drikke kaffi, men eg var innom og sa hadet før eg for heim, og då sa ho at ho var godt fornøgd med dagen sin.
Mange ville gratulere henne med dagen, ho har fått eit hav av fine blomar og andre gåver, det er tydelegvis stas for mange at ho har nådd ein så høg alder:)
Mor er tvilling, desverre fekk ho ikkje behalde tvillingsystra si heile livet, ho døydde for åtte månader sidan. Dette er vanskeleg for mor å ta inn over seg, derfor spør ho etter henne nesten kvar gong eg er på besøk.
For to år sidan var mor og eg innom til tante Janny på fødselsdagen deira, det var eigentleg siste gongen dei kunne sitje ved sidan av kvarandre og snakke om alt dei har hatt av felles opplevingar gjennom eit langt liv.