søndag 3. februar 2013

Verdt å fikse

Eg har strikka fleire par lestar etter ei finsk oppskrift: Kerrtu. Fine, synest eg, og ein del arbeid, i alle fall når ein strikkar med tynn tråd og tynne pinnar.

Til eitt par hadde eg ein bunt med Regia strømpegarn, det visste eg vart litt for lite, derfor starta eg med ein kant i svart alpakka til dei elles brune lestane. Det vart fint, til lestane fekk seg ein tur i vaskemaskina – inni tightsen min….

Alpakka tovar veldig bra på 40 grader, så godt at det vart umuleg å få på seg lestane same kor mykje eg strekte og tøygde i dei medan dei framleis var våte.

Lestane vart liggande på vent lenge, dei var altfor gode til å kaste, men reparasjonsarbeid er ikkje det kjekkaste eg veit, eg utsette og utsette å begynne på dei.

Heilt til eg tilfeldigvis fann dei i strikkekorga mi i dag, rett etter at eg hadde avslutta eit nytt lestepar til storeguten min som har fødselsdag komande laurdag.IMG_8735

Fram med saksa og klippe vekk den vel-tova kanten, så var det å plukke opp maskane og like godt strikke ny kant av den trådresten eg hadde i hendene.

IMG_8736

Lestane vart heilt greie, dei, eg trur eg kjem til å bruke dei lenge:)

IMG_8733

6 kommentarer:

  1. Var nok vel verdt å fikse dei lestane der.......fint mønster og greier.
    Men alltid litt plukk å finne att maskene når ein har klypt av.
    Ha ei fin veke!

    SvarSlett
  2. Kjenner meg att, mykje kjekkare å starte på noko nytt enn å reparere. Men desse lestane var jo altfor flotte til å ikkje bli brukt. Flinke du som no har gjort dei brukbare.

    SvarSlett
  3. Desse flotte sokkane måtte då berre få eit nytt liv....
    Det hender eg strikker nye solar i sokkar som er utslitte, og skaftet like fint..
    Det er no slik eg er oppvokst..

    SvarSlett
  4. Så godt å redde et "håpløst" prosjekt! Altfor fine til å ligge ubrukte i korga.

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett
  5. Vel verdt å fikse disse sokkene ja! Riktig fine er de. Jeg reparerer/fikser sokker som er langt enklere og mer vanlige enn disse.

    SvarSlett
  6. Gode sokkar som var verdt å fiksa på. Takk for koseleg kommentar på spinnebloggen min. Håper rokken er framme av og til :)

    SvarSlett