Søndag 6.februar er det 88 år sidan mora mi kom til verda
– men ho var ikkje åleine – ho er tvilling.
Borghild Serine og Janny Kristine, dei førstefødde i ein stor flokk av systre, og til slutt også ein bror.
I dag har mor og eg vore på besøk til tvillingsystra hennar. Det er kjekt når dei to møtest, det er ikkje så ofte det skjer lenger, sjølv om dei bur berre nokre få mil ifrå kvarandre. Sviktande helse må ta skulda for det. Det er ikkje så lett for dei to å huske det som skjer i notida, men dei har mange felles minne frå barndoms- og ungdomstid, og vi kan framleis lære nytt når vi høyrer på dei.
Dei hadde felles venner, gjekk i same klasse og dei måtte vere saman om å hjelpe bestemora si med arbeid av mange slag. Dei avløyste kvarandre i jobbar, og dei feira dobbeltbryllaup for vel 64 år sidan.
Ein annan ting dei har felles er at dei har lett for å fryse, dermed hadde eg nokon å strikke sjal til:) Det vart to Shetland triangle shawls; tvillingsjal kan ein vel seie.
Dei seier begge to at dei hadde aldri trudd at dei skulle verte så gamle, men her er dei - og fyller 88 år - og vi som er etterkomarar er glade for å kunne feire dagen saman med dei:)