Så lite som vi har sett til sola her på våre kantar, toler ikkje huda vår soling fleire dagar i trekk.Vi er rosa som nyfødde grisungar både mannen min og eg…..
Kva skulle vi så finne på når veret var heilt nydeleg tidlegare i dag?
Biltur! Så gale kan det verte!
Sette oss inn i bilen, godt beskytta mot strålane frå sola, klare for å sjå og oppleve.
Vi sette kursen nordover i fylket vårt og fyrste stopp var ved Hustadvika gjestegård.
Der hadde dei ikkje starta sesongen enno, men ein liten tur for å sjå oss om kunne vi i alle fall ta:)
Målet var Atlanterhavsvegen, ei vegstrekning som er verdt eit besøk i både godt og dårleg ver:)
Vi var slett ikkje åleine om å ta turen dit i dag, og vi var heller ikkje åleine om å fotografere:)
Vi fortsette til Kristiansund, og jammen var der vkre stader vidare nordover også!
Vel heimkomne er skodda og regnet på plass, så i morgon kan vi nok vere ute utan å risikere å bli oppbrende…