T.d. desse som heiter Salor, og som eg fann opskrift til i Hammersen si bok, Silk road socks.

Dei vart no ganske stilige og sit godt på foten, og med ein litt spesiell hæl.

Eit nytt Kerrtu-par er også ferdig, finsk oppskrift på desse:

Litt annleis hæl på Kerrtu også.

Og jammen er eg i gong med hjarte-lestane som eg prøver å lage oppskrift til sjølv også:

Inspirasjonen er sjølvsagt frå lestar eg har sett på andre sine bloggar.
Sidan eg ikkje får mønsteret til å gå opp, blir det enklare på baksida:)

Bilstrikkeriet heim frå Oslo var av eit noko enklare slag, men lestar treng vi, uansett korleis dei ser ut.

