lørdag 25. februar 2012

Godt å få vere Besta

Eg har brukt vinterferieveka til å vere saman med borneborn som eg ikkje har sjansen til å sjå kvar dag:)

Det er så herleg å bli motteken med smil og klem, trass i at det er mange veker sidan vi såg kvarandre sist, sjølv Michael er smilande og tillitsfull frå fyrste sekund!

Vinterferie 013

Vinterferie 008

Og Jenny, som var sju år før vi møttest fyrste gong, kjem og er saman med oss og viser at eg er Besta hennar også,

DET GLER EIT BESTAHJARTE!

Vinterferie 010

Onsdag hadde vi heile dagen i lag, då vart det pannekakelunsj, skal seie dei to jentene er flinke kokkar!

Marylin var sjef for røra, medan Jenny steikte 11 gode, sunne pannekaker med grovkveite og havregryn som viktige ingrediensar.

Vinterferie 011

Og pannekakene fall verkeleg i smak, mmmmmmmmmmmmmmm

Vinterferie 014

Vinterferie 019

Vinterferie 016

Etterpå var vi ute og leikte i tre vårlege varmegrader, men trur du Besta hadde med kamera ut?

No er eg heime igjen, med mange koselege minne som baggasje:)

Vinterferie 009

2 kommentarer:

  1. Koseleg.
    Nydeleg tunika du har strikka, slik kunne eg ha tenkt meg å strikka til jenta mi.

    Veronica S Hide

    SvarSlett
  2. So koseleg.......
    Skjønar at me er svært heldige som har alle våre 10 barnebarn buande her i bygda.
    Artig bilde av han med to smokkar.....:)

    SvarSlett