For ei stund sidan fekk eg sjå eit foto av ei strikkajakke som kosta uhorveleg mykje pengar. Veldig fin, men ho såg eigentleg temmeleg enkel ut: Patentstrikka med ulik tjukkelse på pinnane øvst og nedst.
Tilfeldigvis så hadde eg akkurat kjøpt litt tråd på salg hos Pickles, merinoull og silkemohair, så då var det berre å prøve seg fram og sjå om eg fekk det til å likne.
Eg bestemte meg for å prøve å strikke ovanfrå og ned, med raglanermar, dermed fann eg ut at heile ermane burde strikkast med tynnaste tjukkleik på pinnane.
Her er resultatet – ikkje heilt likt, men ein kan sjå kvar eg har henta inspirasjon i alle fall:)
Her er overgongen frå tynne til tjukke pinnar.
Den ble jo kjempefin!!..synes du er tøff som prøver deg på slikt og flink som får det til!!
SvarSlettHa en fin kveld, klem fra mæ;)
Det var smart, og så flott resultat :)
SvarSlett