søndag 19. februar 2012

Barnsleg–eller leiken?

Denne veka fyller eldstebarnet mitt 38 år,ho skulle med andre ord vere vaksen, og det er ho også.
Ho er ei god mamma til fire flotte gutar, ho har ein ansvarsfull jobb som ho meistrar godt og ho oppfører seg stort sett som ein skulle forvente av ein person på hennar alder.

Men av og til…
¨Juledagar2 025

kryp ho under eit bord og leikar at ho er på hyttetur, ho elskar å kle seg ut, og det hender at ho heilt gløymer at ho ikkje lenger er ei lita jente. Som forrige helg då tre av fire gutar hadde med heim overnattingsgjester og dei hadde behov for å låne ekstra madrasser hos oss.
Ho hadde fått madrassene ned frå loftet og sende dei avgarde ned trappa til kjellaren....
der stod ho, øvst i trappa, med veska i handa, og eg forstod straks kva som kom til å skje  så eg greip tak i fotoapparatet og stilte meg opp ved gelenderet:

Strikkajakke 007

Med hovudet fyrst, ned heile trappa, og gjett om ho kosa seg!
Må vedgå at eg forstår henne, litt:) Og eg er fornøgd med blinkskotet!
38-årsdagen skal feirast i London, på zumbakurs, trur nok det blir kjekt også:)

4 kommentarer:

  1. Det er så herlig å se at noen kan bevare barnet i seg tross alder!
    Stuntet med kjellertrappa var herlig!
    Ha en fin uke!
    Klem!

    SvarSlett
  2. Så herlig !! Alle skulle ha vore nødt til å gjere minst ein barnslig eller leiken ting minst ein gong for dag, synest eg. Å kva som er vaksent og kva som er barnslig, det er ikkje godt å vite. Ein lyt berre prøve det ut :)) Eg har alltid det samme nyttårsfortsettet kvart år: Å aldri slutte å leike meg :)

    Ønsker deg ei leiken veke, både til deg og dattera !

    SvarSlett
  3. Hurra for eldstebarnet ditt! Sånne damer liker jeg! Lek mer og ha det gøy, står det på kjøkkenveggen hos meg. :)

    SvarSlett
  4. Så flott, du skal være stolt av denne dama som er litt jente inn i mellom...

    SvarSlett