For tida produserer eg huer, dei fleste strikkar eg, men det er også kjekt å pjone.
Det starta med Pixiehuer til Michael, den blå strikka i Falk, dei andre i Drops merino extra fine og Drops merino cotton. Oppskrifta fann eg på denne bloggen:http://stinessdesign.blogg.no
Så var det Mikkehue til mannen min
Og til meg sjølv
Her er det Mateo som har stilt opp som fotomodell:) Oppskrifta til desse huene er det Tovepia som står for: tovepia.blogspot.com
Så kom ol-perioden med pjoning: huer til Oliver og Mateo
Så måtte eg lage ei som skulle matche grønegensaren til Marylin
- og ei rosa, som eg ikkje har nok tråd til
Grunnkurs i pjoning fann eg på youtube (søk på Pjonica). Eg brukar heklekrok nr7, og då passar det å legge opp 70 luftmaskar nede på hua.
Så har eg strikka fleire Mikkehuer, og gutane stiller villeg som modellar
Og sjølvsagt har eg ei på pinnane
Og tråd til enda ei, men så må eg vel begynne å strikke lestar igjen:)