For to år sidan hadde vi 30 dagar på oss til å gå den ca 800 km lange strekninga frå den franske sida av Pyreneane og fram til Santiago de Compostela, vi kom ikkje heilt i mål, den 30. dagen var det framleis 80 km igjen.(Bileta til venstre er for 2 år sidan, dei til høgre er knipsa ved same kilometersteinane i år.)

Ettersom tida har gått, har mannen min fått meir og meir lyst til å vere med meg, noko eg er glad for, han er nok den beste turkameraten eg kan få, så når skuleferien var eit faktum i slutten på juni sette vi oss i bilen og dura avgarde til O`Cebreiro, der vi ville starte i år.

Landkapet er frodig, grønt og uendeleg vakkert!


Neste dag gjekk det for det meste nedover, særleg storetærne fekk hard medfart, men det var ikkje fritt for at vi kjende det andre stader på kroppen også.
Etter kvart endra landskapet seg, vi gjekk gjennom frodige skogar av eviggrøne eiketre, tjukke stammer med vide kruner høgt over hovuda på oss, slanke ospetre og seinare også eukalyptus.


Dag tre vart ein hard dag: sekken min, som eg bar kvar dag utan problem for to år sidan, var utruleg plagsom, det pressa på rundt hoftebeina så eg måtte slakke på beltet, dermed hang han for tungt på skuldrane så det gjorde vondt - berre elende! Dessutan fekk eg blemmer under tredeputene på begge føtene, ikkje akkurat godt å gå på, men vi kom oss til Portomarin, som vi hadde planlagt:) Det var spanande å gå på stiar og vegar vi hadde vandra før og sjå kva vi huska igjen, og langs vegkanten vaks det vakre blomar i fleng.

Sidan eldstedattera vår var i Santiago hos svigerforeldra, fekk vi henne til å kome til Palas de Rei og hente sekken min, (mannen min fekk sortert ut noko av det han bar på i same farten) eg kjøpte meg ein liten sekk som hadde plass til det eg trengde på resten av turen - stor lette!!
Den femte dagen passerte vi 80 km-merket, som var det siste vi hadde gått forbi forrige gong, så herfrå og fram til pilgrimsmålet skulle vi gå i nytt og ukjent landskap. Vi gjekk til Melide, ein triveleg by med ei fin mellomalderkyrkje. Denne dagen var det mannen min som hadde det verst, men etter nokre timars kvile var han i fin form igjen.
Både femte og sjette dagen gjekk vi korte etappar. På vegen til Arzua den sjette dagen vart vi kontakta av eit filmteam som trengde eit par som statistar i ein film dei laga. Artig for oss å få vere med på:)



Vi kom fram til katedralen i Santiago akkurat i tide til å få med oss pilgrimsmessa kl. 12.00.


