søndag 12. juli 2009

Carcassonne

Ein mellomalderby i Sør-Frankrike, eit stykke søraust for Toulouse, her er vi no!
Etter at eg las romanen Labyrinten av Kate Moss (Er usikker på korleis namnet skal skrivast), har eg hatt så lyst til å kome akkurat hit. Romanen er delvis ein historisk roman, delvis notidsroman, den historiske delen fascinerte meg, resten av romanen var fullstendig uinteressant i mine auger
.
Det som har lokka meg hit er det fantastiske citadellet som kneiser over byen, større borg skal du leite lenge etter!
Vi kom hit i nitida i kveld, vi var raske å finne oss eit hotell, og så bar det strake vegen opp til citadellet. Eg visste ikkje så mykje om det på førehand, så eg vart gledeleg overraska over å finne ei borg med eit blomstrande handelsliv, akkurat som i mellomalderen. Der kryr av kafear og restaurantar, crepe- boder og butikkar som tilbyr varer av mange slag. Vi bestilte oss andelår på ein restaurant, og det smakte nydeleg der vi sat tett attmed brønnen og såg på folkelivet.
I morgon blir det ny tur opp og få med oss enda fleire inntrykk i fullt dagslys:)
Når eg kjem heim skal eg finne ut meir om katarane som heldt til her i mellomalderen, det eg veit er at denne folkegruppa hadde sitt eige språk, ei blanding mellom fransk og spansk; oksitansk, og at dei vart forfyldge under inkvisisjonen fordi dei ikkje trudde at Jesus var Guds son, det er frå ordet katar ein finn opphavet til kjettar.


1 kommentar:

  1. Så artig at du er innom Carcasonne. Der har jeg også vært og det er et meget spesielt sted. Jeg likte også godt Labyrinten av Kate Moss, men så liker jeg slike bøker da. Enig at den historiske biten var den mest interessante.
    Ønsker deg en fortsatt god ferie.

    SvarSlett