
Eg har hatt meg nokre runder rundt på bloggane eg følgjer, og vart då inspirert til å gå laus på ripsbæra som no er akkurat passe moden til gelè. No er eg ikkje av dei mest arbeidssame her i verda, kvifor gå i gong med utpressing av bærsaft gjennom klede når den supre maskina stod her klar til innsats?
Dermed gjorde eg som mor mi brukte å gjere når ho hadde saftkokar: eg reinska ikkje bæra, berre plukka bort lauv og skylde godt under rennande vatn før eg kokte henne.
Så køyrde eg det heile gjennom maskina, det gjekk i rekordfart, men det som kom ut var eit slags forunderleg rosa skum, det likna mest på smuthie i konsistens.
Jaja, fram med klede og presse "smuthien" igjennom, men det var like skummande og rosa.
Så tenkte eg at om det får stå natta over før eg kokar det på nytt, så klarnar det nok.
Det gjorde ikkje det. Neivel, eg får koke det og skumma av, då. Litt betre, ganske fin raudfarge, men slett ikkje klart. Ny tur kjennom klede, så i gryta og sette til sukker, men vart det gelé? Nei, men det smakar like godt som gelé i det minste.


Å nammmmmmmmmmmm!!!
SvarSlettJeg kommer!!
;D
Klem,M