Så vellukka debuten min som deltakar i biletkonkurransene til Anne med bloggen Moseplassen var, må eg berre prøve meg igjen. Rett nok var det ikkje eg, men dottera mi som var fotograf forrige gong, så dette blir første gong eg deltek heilt på eiga hand.
I Frøken frost 2011 kom biletet eg deltok med(Frøken englefjør) på tredjeplass,
eg vann ei islyktform som no står i frysaren, fylt med vatn og eføy. Den lykta skal få pynte opp på morsdag:)
I dag skin sola inn gjennom stovevindauga og gir kjærkome lys til alle plantene som står i vindaugskarmen, vårkjensla sig på - no kan fotosyntesen kome i gong for fullt!
Eg har ikkje vore innom og sett på deltakarbileta enno, så kanskje eg må endre namn om det er opptatt, men inntil vidare heiter biletet “Ein plass i sola:-)”.
Så flink du er! Flott bilde!
SvarSlettEg synes du alltid har så flotte bilder...
SvarSlettog så flotte gaver til 2 gamle verdige damer..
Ser verkligen ut som de njuter i solen och visar sig från sina vackraste sidor :)
SvarSlettSå fint bilete. No har eg stemt på deg, håper du vinn. No treng eg di stemme. Sjå på bloggen min i løpet av helga. God helg til deg og dine!
SvarSlett