

Vi var installerte på eit åttemannsrom, og var dei fyrste som tok natta, etter kvart kom eit ungt italiensk par og gjekk til sengs i ei etasjekøy i andre enden av romet.
Det var då dramatikken starta: Mannen min er ein ekte snorkar; han ryt når han ligg på rygg, han ryt på sida og han ryt på magen, særleg med det same han sovnar. Italienarane let seg ikkje affisere av dette i starten, dei las litt og styrte med sekkane sine og småsnakka ei stund, men la seg omsider til og skulle sove. Og mannen min snorka .... ungdommane snudde seg i sengene fleire gongar, guten forsvann ein halvtimes tid, men snorkinga var sameleis då han kom inn att. Jenta, kikka mot senga til mannen min fleire gongar, men sa ingenting, så sette ho seg opp og måtte ha litt trøyst fordi ho "no puedo dormir", dei gjekk ut på gangen ei lang stund begge to .... og mannen min snorka. Italienarane bestemte seg langt om lenge for at no ville dei sove uansett og kom inn att og kraup ned i soveposane sine, guten såg ut til å ta etter somnen, men jenta låg vaken og sukka fleire gongar. Plutseleg reiste ho seg opp, gjekk resolutt over golvet og henta pilgrimstaven sin som stod oppstilt inn til veggen. Med heva stav kom ho mot køya der eg låg i underetasjen og såg på henne, medan mannen min låg inkjeanande i overetasjen og snorka. Eg kjende at eg spente alle musklar, klar til å forvare mannen i livet mitt. men heldigvis kom kjærasten hennar meg i forkjøpet: Han tok eit fast grep i staven, så stod dei der, midt på golvet med staven mellom seg og stirra kvarandre inn i augene .... lenge...og så brast dei i latter begge to... puh!!
Det vart nok ei uroleg natt på kjærastparet, kl. 4.30 stod dei opp og begynte å pakke sekkane sine, då vakna mannen min, frisk og utkvild og sa: "Ja, det er vel berre å stå opp og kome seg vidare." Eg torde ikkje sjå til sides då vi passerte forbi italienarane som sat og halvsov i ein sofa ute på gangen tretti minutt etterpå.
Dette har i etterkant vorte ei artig historie å fortelje til alle som vil høyre på, men episoden gjorde at eg helst ikkje ville dele rom med andre resten av Caminoen, sjølv om eg måtte det fleire gongar.
På vegen vidare passerte vi over den lengste pilgrimbrua på heile Caminoen: Ei 204 m lang steinbru, støtta opp av tjue bogar.



Neste overnatting var i Rabanal de Camino, då var vi på veg oppover i fjellet igjen.
I den vesle landsbyen snubla vi over eit skilt med denne teksten: Opp med haka. Det var visst ei norsk dame som dreiv rideskule i nærleiken som hadde sett opp skiltet.
Den neste landsbyen, Foncebadón, er viktig i Paulo Coelho sin roman, Pilgrimsreisen, det var her han utkjempa kampen mot djevelen, i form av ein svart hund, og sigra.
Dagen etter passerte vi det høgste punktet på turen: Cruz de Ferro, 1504 m.o.h.ein steinhaug med ein jernkross på ein stake midt oppe i haugen.



Difor gjekk vi berre 8 km neste dag, Vi var framme i Ponferrada før kl. 9.30. Heile dagen traska vi gatelangs, det var vanskeleg å finne roa, så neste dag gjekk vi vår vanlege dagsetappe igjen. Men eg må vise bilete av tempelridderborga i Ponferrada, den var imponerande! Coelho nemner også den i romanen sin, her hadde den hemmelege ordenen hans ein samankomst som verkar noko mystisk på oss lutheranerar.



For en tur dere har. Den må være utrolig slitsom, men samtidig så opplevelsesrik. Det kan jo ikke være en bedre måte å se et land på. Likte historien din om snorkinga til mannen din. Jeg har måttet få eget soverom pga snorkinga til min.
SvarSlettSå flott det slottet til Gaudi var. Jeg har sett mange av hans bygninger og noen av de er helt fantastiske. Han må ha vært helt skrudd i hodet.
Venter spent på fortsettelsen.
Ha en fin uke.
Oj, oj, oj, så mange flotte reisebilder! Morsomt å følge med litt på reisen deres :-)
SvarSlett