søndag 14. juni 2009

På Caminoen igjen.

Etter ei veke på meseta`en kom vi til Leon, ein av dei større byane med 135000 innbyggjarar. Katedralen var strålande vakker med mange glasmåleri.

Vi hadde teke inn på eit kombinert pilgrimsherberge og vandrarheim, ein stor bygning med rom i fleire etasjar. Etter å ha sett oss om i sentrum og i katedralen, og ete eit godt måltid, sette vi oss inn i ein bil for fyrste gong sidan vandringa starta; det hadde vore så kronglete å ta seg fram til sentrum av byen at vi orka ikkje leite oss attende til herberget, så då vart det taxitur på oss.
Vi var installerte på eit åttemannsrom, og var dei fyrste som tok natta, etter kvart kom eit ungt italiensk par og gjekk til sengs i ei etasjekøy i andre enden av romet.
Det var då dramatikken starta: Mannen min er ein ekte snorkar; han ryt når han ligg på rygg, han ryt på sida og han ryt på magen, særleg med det same han s
ovnar. Italienarane let seg ikkje affisere av dette i starten, dei las litt og styrte med sekkane sine og småsnakka ei stund, men la seg omsider til og skulle sove. Og mannen min snorka .... ungdommane snudde seg i sengene fleire gongar, guten forsvann ein halvtimes tid, men snorkinga var sameleis då han kom inn att. Jenta, kikka mot senga til mannen min fleire gongar, men sa ingenting, så sette ho seg opp og måtte ha litt trøyst fordi ho "no puedo dormir", dei gjekk ut på gangen ei lang stund begge to .... og mannen min snorka. Italienarane bestemte seg langt om lenge for at no ville dei sove uansett og kom inn att og kraup ned i soveposane sine, guten såg ut til å ta etter somnen, men jenta låg vaken og sukka fleire gongar. Plutseleg reiste ho seg opp, gjekk resolutt over golvet og henta pilgrimstaven sin som stod oppstilt inn til veggen. Med heva stav kom ho mot køya der eg låg i underetasjen og såg på henne, medan mannen min låg inkjeanande i overetasjen og snorka. Eg kjende at eg spente alle musklar, klar til å forvare mannen i livet mitt. men heldigvis kom kjærasten hennar meg i forkjøpet: Han tok eit fast grep i staven, så stod dei der, midt på golvet med staven mellom seg og stirra kvarandre inn i augene .... lenge...og så brast dei i latter begge to... puh!!
Det vart nok ei uroleg natt på kjærastparet, kl.
4.30 stod dei opp og begynte å pakke sekkane sine, då vakna mannen min, frisk og utkvild og sa: "Ja, det er vel berre å stå opp og kome seg vidare." Eg torde ikkje sjå til sides då vi passerte forbi italienarane som sat og halvsov i ein sofa ute på gangen tretti minutt etterpå.
Dette har i etterkant vorte ei artig histo
rie å fortelje til alle som vil høyre på, men episoden gjorde at eg helst ikkje ville dele rom med andre resten av Caminoen, sjølv om eg måtte det fleire gongar.
På vegen vidare passerte vi over den lengste pilgrimbrua på heile Caminoen: Ei 204 m lang steinbru, støtta opp av tjue bogar.

Vi passerte gjennom ein by der dei feira San Camion, camion tyder også lastebil, så lastebilane var pynta med fargerike lenkjer.

I Astorga,ein gammal, romersk by, er der utgravingar i sentrum av byen som syner litt av den gamle bydelen. Der er også ein stor, gammal katerdral, og vis a vis katedralen ligg det mest fantastisk søte eventyrslottet du kan tenkje deg, så vakkert forma! Arkitekt er han som har vore med å gjere Barcelona til slik ein turistmagnet; Antonio Gaudi.Vi forlet Astorga tidleg om morgonen den 16. juli, då var det gode tre veker sidan vi begynte å gå. Etter ei mil stoppa vi i Santa Catalina og kjøpte oss frukost, og under over alle under: Vi fekk skiver - BRØD - rista på steikepanna, med smør og marmelade, kaffi og nypressa juice til, for fyrste gong i Spania! Det var godt, så godt at vi bestilte det same "otra vez" før vi vandra vidare:)
Neste overnatting var i Rabanal de Camino, då var vi på veg oppover i fjellet igjen.
I den vesle landsbyen snubla vi over eit skil
t med denne teksten: Opp med haka. Det var visst ei norsk dame som dreiv rideskule i nærleiken som hadde sett opp skiltet.
Den neste landsbyen, Foncebadón, er vik
tig i Paulo Coelho sin roman, Pilgrimsreisen, det var her han utkjempa kampen mot djevelen, i form av ein svart hund, og sigra.
Dagen etter passerte vi det høgste punktet på turen: Cruz de Ferro, 1504 m.o.h.ein steinhaug med ein jernkross på ein stake midt oppe i haugen.

Det er her pilgrimmane skal legge att sin stein, om dei har teke med seg ein heimanfrå, som ei symbolsk handling om å legge frå seg børene sine under pilgrmsreisa.

I starten av nedstigninga gjekk vi oss fram på ein liten landhandel der dei hadde skilta retninga og distansen til andre viktige pilgrimsmål, det viste seg at det var like langt til Trondheim som til Jerusalem (5000 km).

Resten av nedstigninga var ikkje god for slitne bein, og den kvelden tok vi avgjerdsla om ikkje å haste avgarde for å kome fram til den 24., vi ville gå så langt vi kom, og så setje oss på bussen og reise den siste biten inn til Santiago når dagen var der.
Difor gjekk vi berre 8 km neste dag, Vi var framme i Ponferrada før kl. 9.30. Heile dagen traska vi gatelangs, det var vanskeleg å finne roa, så neste dag gjekk vi vår vanlege dagsetappe igjen. Men eg må vise bilete av tempelridderborga i Ponferrada, den var imponerande! Coelho nemner også den i romanen sin, her hadde den hemmelege ordenen hans ein samankomst som verkar noko mystisk på oss lutheranerar.


I Cacabelos vart vi innkvarterte på det raraste herberget på turen: Tett i tett med "båsar" med to køyer med ein midtgang imellom i kvar, plassert innanfor kyrkjegardsmurane:)

Etter kvart nærma vi oss den vestlegaste provinsen i Spania: Galicia, den håper eg at eg rekk å skrive om før vi reiser attende for å gå siste biten av Caminoen.

2 kommentarer:

  1. For en tur dere har. Den må være utrolig slitsom, men samtidig så opplevelsesrik. Det kan jo ikke være en bedre måte å se et land på. Likte historien din om snorkinga til mannen din. Jeg har måttet få eget soverom pga snorkinga til min.
    Så flott det slottet til Gaudi var. Jeg har sett mange av hans bygninger og noen av de er helt fantastiske. Han må ha vært helt skrudd i hodet.
    Venter spent på fortsettelsen.
    Ha en fin uke.

    SvarSlett
  2. Oj, oj, oj, så mange flotte reisebilder! Morsomt å følge med litt på reisen deres :-)

    SvarSlett