søndag 9. september 2012

I gong igjen, eller berre eit blaff?

Det siste blogginglegget mitt vart publisert den 25. juni.
No er juli passert med god margin, august er historie og vi er godt i gong med september.
Og her sit eg og lurer på kva som er verdt å blogge om.
Før bobla eg over av idéar om kva som måtte få sitt eige innlegg, no lurer på kvar idéane har teke vegen....

Ikkje slik å forstå at eg ikkje opplever noko, det vil seg berre ikkje når det skal formulerast.
Ikkje skriv eg fyrst og framst for lesarane som måtte slumpe til å kikke inn her, det er nettopp det, eg skriv for å få trykt opp ei bloggebok i året.
Ei bok som har med det viktigaste frå året som gjekk, sett med augene til ei strikkeglad Besta.
Difor "tek eg meg no på tak" og prøver på ei aldri så lita oppdatering.

Juli - besøk og tur til Atlanterhavsparken i Ålesund:)



Og litt lenger ut i månaden: Tur til  Krakow, med mykje alvor,


 men også sjarmerande og koselege gater og plassar, som her i den jødiske bydelen, Kazimierz.



Vi reiste vidare til  Berlin, der var det Pergamon-muséet som gjorde sterkast inntrykk denne gongen.



August - blomstring i krukker og kar - og snart kvardag igjen

























September - i gong med nytt arbeidsår - og studieår.

Søndagstur til Flø, der kan ein finne mange augnekvilder og gode fotomotiv:)
 

(Og så --- når eg skal prøve å legge til bilete i blogginnlegget så får eg ikkje laste dei opp  frå pc-en, eg har val om å laste opp frå nettet, frå webcam, frå mobilen og frå bloggen, men det er ikkje der bileta mine er!
Ser no kvifor eg ikkje bloggar lenger. Alt er endra, windows live writer er borte, eg får ikkje lasta det ned på pc-en igjen, å skrive direkte her går greitt, men det blir kjedeleg utan bilete og eg har ikkje tolmod til å begynne å lære alt på nytt.
Konklusjon i høve til overskrifta: Berre eit blaff...................................................)

Men i dag fann eg ut av det, i alle fall delvis, eg får laste opp bilete frå pc-en, men eg får ikkje bestemme korkje storleiken eller plasseringa  ..... i alle fall ikkje i dag ........

3 kommentarer:

  1. Hyggelig å se deg igjen her. Det har dabbet av med bloggingen hos meg også. Jeg får lastet opp bilder, men det er så lite respons på det jeg skriver, og kontakten med den gruppa jeg følte meg tilknyttet, er blitt borte. Kanskje jeg ikke lenger har gløden jeg hadde før? For som du sier, det er nok å skrive om...

    SvarSlett
  2. Frustasjon over data kan eg alt om, desverre...
    Og så er det vel slik at det går i faser, som det meste her i livet. Eg føler i alle fall at sommaren bør brukast til anna enn blogging fleire gonger i veka...
    Men det var koselig å høyre frå deg att...

    SvarSlett
  3. Håpar du kjem inn i det att, det er så befriande godt med slike "kvardagsbloggar" som eg kallar det. Her hjå deg kjenner eg meg att i så mangt og mykje og stortrives med besøket hjå deg kvar gong du har eit nytt innlegg.
    Men blogginga går vel i rykk og napp for dei fleste og spesielt om ein ikkje er på godfot med datamaskina.
    Sommaren har i alle fall vore innhaldsrik og spennande for deg ser eg, og den tida av året har ein så mykje anna å driva med at blogginga vert nokså sporadisk (og helst på regnversdagar...)
    Ha ein god onsdagskveld:0)

    SvarSlett