Jauda, det gjekk bra, her er den originale vrangborda (med feil farge) saman med den nye som eg strikka nedover:)
Dette er den tredje gensaren eg har strikka frå oppskrifthetet "Norske ikoner".
Det finns utruleg mykje fint når ein leitar fram gamle mønster!
Den første gensaren eg strikka frå heftet var "Nancy-gensaren". Eg måtte berre, systra mi strikka den gensaren til seg sjølv som attenåring, eg har aldri gløymt kor fin eg syntest han var...
Så ville Åsta ha seg ein varm gensar til lange dagar på ein kald lesesal. Ho valde "Oslo-gensaren".
Eg likar å vere effektiv - eller er eg kanskje lat? Eg laga i alle fall rundfelling i staden for å følgje oppskrifta.
Og så var det "Holmenkollen-gensaren". Der eg bomma på fargepartiet då eg kjøpte tråd, og begynte sjølvsagt på feil nøste, slik at eg måtte ta av vrangborda og strikke den på nytt.
No er eg i gong med den enklaste "Marius-utgåva" til mannen min, men eg trur ikkje det blir med båthals...
Det eg eigentleg skal bruke tida til er oppgåveskriving, den skal vere unnagjort til 3. juni, så no må eg ha rett fokus nokre dagar:)