Sakte, men sikkert har eg funne fram til bloggarar som eg ser opp til og lærer mykje av. Lærer om tekniske datafinesser, men endå meir lærer eg om livet, om kvardagar og festar, om gleder og sorger, om kreativitet og handverk, om natur og kultur, om omtanke og omsorg, om humor og skriveglede.......
Sakte, men sikkert har lysta mi til å delta i dette auka. Det er ikkje lenger så skummelt å vere openhjertig og dele ein flik av livet mitt med bloggevenner:)
I dag fann eg ei helsing på kommentarplass som gjorde meg glad og kry: Nokon har funne meg verdig til ein award, min fyrste!

Hjerteleg TAKK til Villmarkstausa for denne tildelinga! Eg set stor pris på å bli gjort stas på! Her ein dag fekk eg følgjande kommentar frå minstejenta: " Det er nok midtlivskrisa som har sett inn, mamma, sidan du er så oppteken av merksemda du får frå andre bloggarar." Gjerne for meg, er det slik midtlivskrisa artar seg så kan ho godt vare lenge her i garden, for eg har det BRA:)
Det følgjer reglar med awarden, mellom anna skal han delast med andre bloggarar som eg set pris på:
Til Bestablogg for alt det kjekke ho tek oss med på saman med barnebarnet sitt.
Til Bestemors kosekrok for den utrulege strikkekapasiteten sin.
Til Trollkåno i Troll og Ting for innlegga om livet på garden, og for alt det ho elles finn tid til i ein travel kvardag.
Til Tankar frå ein kvardag fordi ho, utan å vite det sjølv, har gjort meg til bloggar:)
Til Jorids Bestemors Blogg for vakre sitat, dikt og blomar, og fordi ho tryllar fram så flotte ting med symaskina si.
Så vil eg dele peonbuketten min med alle som kikkar innom!


Peonar skaper gode barndomsminner hos meg. Som småjente hadde eg ei venninne som var 60 år eldre enn meg, kvart år overrekte ho meg ein herleg bukett med peonar og skogskjegg på fødselsdagen min i slutten av juni:)













Neste etappe gjekk til Burgos, ein av dei større byane på caminoen. På vegen dit passerte vi Atapuerca som er innlemma i UNESCO si verdsarvliste fordi ein der har funne fossilar etter nokre av dei første menneska i Europa i nokre fjellholer.
På toppen av ein ås eit stykke lenger framme på vegen såg vi ein labyrint à la den julianske borga som vi finn på ein fjelltopp på Vartdal i Ørsta kommune. Anton, ein psykoterapeut frå Basel i Sveits, hadde gått heile labyrinten frå ytst til inst før han sette seg på ein stein og skreiv ned inntrykka sine.
Frå dette høgdedraget kunne vi skimte Burgos i det fjerne, men jammen var der framleis langt å gå. Endeleg framme, måtte vi vandre gjennom heile byen, frå aust til vest, før vi fann eit herberge som hadde plass til oss. På vegen fekk vi knipsa nokre bilete av den overdådige katedralen i Burgos, men vi var ikkje inne i han.
Burgos har elles tilknyting til Noreg gjennom mellomalderprinsessa Kristina som ligg gravlagt ca. 8 km utanfor byen. Prinsesse Kristina var dotter til Håkon Håkonson og syster til Magnus Lagabøter. Ho vart gift med Don Felipe, bror til kong Alfons X av Castilla y Aragon i år 1258. Dei busette seg i Sevilla, men då ho døydde berre 28 år gammal, bestemte Don Felipe at ho skulle gravleggast i Covarrubias, ein by utanfor Burgos, der han hadde vore utnemnd til biskop før dei gifta seg.
Vi hadde lese om prinsessa før vi starta turen vår, og det hadde vore kjekt å fått sett sarkofagen hennar, men 8 km kvar veg for VELDIG trøytte bein var berre heilt uaktuelt.









For det første så var det faktisk FERIEN med store bokstavar for både mannen min og meg, for det andre så har eg eit mål med skriveriet mitt. Vi har fått ei flott bok i julegåve med eldstedattera vår, ei bok som handlar om ferien deira i Spania. Dei har late bileta fortelje heile historia, men det er fullt muleg å kombinere dette med tekst.







og mindre vellukka........ 
Dåpskjolen er vaska og nystroken, klar til bruk

huset er rydda og vaska, resten av familien har lagt seg, eg har ei stund for meg sjølv før eg også skal finne senga så eg er frisk og opplagd til morgondagen:)


Skulderlappen på Ørskog-skjorta:
Veslejenta mi meiner at eg ikkje treng å blande henne inn i blogginga mi, men eg må no få lov til å vise fram den fine bunaden hennar. Biletet knipsa vi i fjor på konfirmasjonsdagen, ho og ei god venninne stod rett utanfor kyrkjetrappa. Her ser vi Ørstabunaden til venstre og Ørskogbunaden til høgre.