Dei viste seg å vere svært så veksevillege, ikkje før hadde eg fått dei i jorda så spirte dei, grøne og frodige. Eg hadde lese at stenglane kom til å verte temmeleg høge, så eg hadde planar om å lage til støtte for dei, men dattera mi hadde fått forsikring om at dei klarer seg godt på friland, så det var heilt unødvendig.
Og stenglane vaks... Etter å ha vore ein månad på ferie i sommar, vart eg gledeleg overraska over kor store og kraftige dei hadde vorte! Så begynte regnsommaren, og stenglane vaks vidare, det såg ut som dei likte å bli så godt vatna. Svigersonen min vart noko usikker på om det er lov å dyrke noko som veks så fort, han såg for seg at eg kunne misse kontrollen og blir omringa av desse svære, grøne plantene!
Eg begynte å gle meg til september når dei skal stå i blomst, med gule, lysande kronblad, og regnet plaska - og skokkestenglane vaks. Så kom vinden.....
No ligg dei der som "ei kolvde hes", det kan vel hende at dei kjem til å blomstre, men det blir nok ikkje det flotte synet som eg såg for meg for nokre veker sidan. Og kva eg finn nede i jorda i oktober når dei skal vere klare for innhausting, sjå det.....
...... gulplommene som vaks seg så store og freistande på seinsommaren, klare til å skifte farge frå grønt til gult når sola berre smiler litt til dei.....
no sprekk dei før dei er modne, mange av dei rotnar på greinene......
....er det slik det går med jordskokkane også når naturen er for gåvmild med vatninga?













































