tirsdag 29. desember 2009

Å drikke jul....

...heitte det før i tida, den gongen det var vanleg å halde juleselskap for slekt og venner. Det var i slike høve vi møtte alle syskjenborna våre, helste på alle gamle tanter og onklar som fans i slekta, åt god mat og hadde julemoro og julefellesskap.
Det er lenge sidan den tradisjonen tok slutt.
Men behovet for treffpunkt er tilstades i våre dagar også. Eldstebroren min med familie gjorde nokre tapre forsøk på julefamilieselskap for nokre år sidan, men etter kvart var det berre å innsjå at vi var for mange til å kunne samlast i eit privathus.
I år tok vi konsekvensen av det og leigde oss eit selskapslokale. Der tromma vi saman store og små, frå mor på 86 år, via eit par kjekke tanter, til den yngste frøkena på ni månader, 60 personar vart vi til saman:)

Alle tok med litt mat og drikke, på den måten vart det eit overkomeleg arrangement for alle.



Dagen derpå sit eg her med ei kjensle av at dette var noko som bør bli ein tradisjon. Det var nesten litt gammaldags atmosfære over selskapet. Der var mykje god mat - like mykje god prat, leikande born og glade fjes.





Mateo kjem nok til å huske dette juleselskapet lenge, for han felte si fyrste tann, med god hjelp av onkel som har vore bort i slike ting før:)



Og når alle tek i eit tak med opprydding i etterkant, blir det ikkje så stor belasning på enkeltpersonar.

3 kommentarer:

  1. God romjul!
    Detta var lurt.....rett og slett kjempelurt!
    Når ein kjem opp i 60 i talet seier det seg sjølv at ein må ha større plass enn dei fleste har heime.
    Og so er det so kjekt å treffast.........
    God tradisjon!!

    SvarSlett
  2. Godt når gamle tradisjoner kan gjennoppstå i ny drakt. Denne ideen vil jeg tygge litt på og bringe videre i min familie. Koselige bilder. Ønsker deg en god nyttårshelg og et flott nytt år.

    SvarSlett
  3. Hei! Koseleg å lese og sjå bilete frå familiesamkomet. Eg drog kjensel på mange av gjestane. Kjekt! Og takk for at du deler... Takk for koseleg og overraskande besøk i går kveld. Slikt må du gjerne gjere fleire gongar. Klem

    SvarSlett